Med bakvarer, komler, varme smil og nystrokne t-skjorter feira Ryfylke Bakeri og Konditori eit år i nye lokale på Tau. Og folk blei med på festen.
– Det har vore ein kjekk, travel dag. Ja, godt med folk frå morgon til kveld, og meir gjestar og pengar i kassen enn ved opninga i fjor, smiler Gunvor Fiskå. Ho og staben har humøret og arbeidsgleda på topp. Eit års feiring 22. april 2021 blei ein opptur.
– Takk for god mat og takk for veldig fin sørvis, kjem det frå ekteparet frå Egersund, som går ut døra. Dei har køyrd den lange vegen til Ryfylke for å oppleva kafeen på Tau.
Gunvor Fiskå takkar tilbake, helsar og kjenner stor glede.
– Gjestane er slettes ikkje bare frå Ryfylke. Dei kjem frå over alt. Me har faste kundar frå Hommersåk i Sandnes, til og med. Dei kjem same dag i veka, kvar veke.
Me må spola tilbake i tid.
Her er eit knippe av dei som har stått på for å få skikkeleg gang i den nye kafeen på Tau.
Frå venstre: Cathrine Østerhus, Gunvor Fiskå, Tiril Runestad Østerhus og Gunvår Irene Børkja.
Har satsa jamt og modig
Gunvor Fiskå er bakaren og konditoren som i dei yngre 20-åra tok over eit bakeri på Jørpeland og satsa. I 27 år har ho hatt bakeri og kafé på Jørpeland, og etter kvart ein mindre kafé på Tau. Mange har fått arbeid, ikkje minst ungdomar. Og brøda, lunsjrettane og ikkje minst napoleonskakene er blitt slagarar.
Då investorar bygde opp eit passe stort kjøpesenter på Tau i fjor, heiv Gunvor seg med på lasset. Den vesle kafeen verksemda hadde på Tau, er blitt erstatta med eit lyst, innbydande og rett og slett stilig lokale i senteret R13.
– Og planen var å opna i mars i fjor, fortel Gunvor.
Mars i fjor ja. Alle veit korleis mars i fjor blei. Pandemien sende opninga rett vest og dei tilsette på NAV.
– Men, så spurte eg folk på fjesboksidene våre; vil de koma om me likevel opnar? Svara var ikkje til å ta feil av, folk ville koma, seier Gunvor, og ryfylkingen heldt ord.
22. april 2020, då det meste var stengt ned, opna Ryfylke Bakeri og Konditori kafeen og utsalet på Tau.
– Det har vore alt frå ein kjempesommar, til fartshumpar i høve statlege nedstengingar i både november og januar. Likevel har kafeen godt bra. Ja, omsetnaden på Tau har vore større enn på Jørpeland, forklarer dagleg leiar, Gunvor Fiskå.
Trøytt av å tenkja nytt
– Hald deg heime!
Beskjeden frå statsministeren har ofte vore tydeleg. Då er det ikkje kult å driva serveringsstad.
– Me har hive oss rundt og funne nye salskanalar. Satsa på nettbutikk og utsal via REKO-ringen. Dei tilsette har vore eineståande i å koma på nye idear, med både lunsjrettar, komle-middagar og spennande bakverk. Her på Tau har det mellom anna kome mykje arbeidsfolk innom og kjøpt lunsj. Ja, det har vore stabilt veldig bra her, konstaterer Gunvor Fiskå.
– Blir du lei av å tenkja nytt?
– Ja, kjem det i rekyl før ordet «nytt» er sagt.
– Å?
– Du må heile vegen finna nye salskanalar, nye produkt og nye tilbod. Det blir mange, lange dagar. I fjor sommar tenkte eg at eg fekk ta ferien til hausten.
– Det blei ikkje ferie då heller …
– Nei, eg får kanskje ta litt ferie denne sommaren, he he.
Den som ikkje blir freista nå …
Stolt og stødig
Men, Gunvor Fiskå blir ikkje vippa av pinnen om det blir lange dagar og grubleria blir mange. Ho skaper, både produkt, opplevingar og ikkje minst arbeidsplassar.
– Me er eit godt team. Gjengen min har jammen meg vore tilpassingsdyktige.
– Er du stolt av det de har fått til her på Tau?
– Veldig. Me har fått til ein uformell møteplass med god og skikkeleg mat, til ein fornuftig pris.
– Så du står her ikledd 10-årsskjorte om ni år?
– Å ja, trur du ikkje det. Du kjem vel då også?