Velkomen Sandnes og Stavanger

apr 27, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Sandnes og Stavanger er blitt ein del av Ryfylke, og Ryfylke ein del av bykommunane. Forvirra?

Kommunereforma har ført til nye moglegheiter for samarbeid. Etter tre-fire år med meiningar, høyringar, folkerøystingar, innbyggjarundersøkingar, forhandlingar, justeringar, intensjonsavtalar og meir til, er kommunefakta justert per 1. januar 2020. Terrenget er det same, men grensene er justert på kartet.
– Det medfører at ryfylkesamarbeidet har fått fleire bein å stå på og fleire som løftar i flokk, seier styreleiar Helge Malmberg i Ryfylkealliansen.
– Me får nye, sterke og spennande medspelarar, som me får jobba tett med, påpeikar regionutviklar Geir Ims i Ryfylke IKS, det interkommunale samarbeidsorganet for Ryfylke.
Meir frå Malmberg og Ims etter kvart.

Fakta om grenser
Dei to øykommunane i Ryfylke, Finnøy og Rennesøy, eksisterer ikkje lenger som eigne kommunar. Stavanger er også historie. Men, saman dannar Finnøy, Rennesøy og Stavanger den nye storkommunen, naturleg nok med namnet Stavanger. Vel 8 000 av Stavanger sine 143 496 innbyggjarar bur på 24 øyar i tidlegare Finnøy og Rennesøy kommune. Desse øyane står nå for 73 % av arealet i den nye by- og landkommunen. Det skal også nemnast at den største øya i Ryfylke, Ombo, nå også er ein del av Stavanger kommune. Før var Ombo delt mellom Finnøy og Hjelmeland kommunar. Dermed er 75 ombobuar på hjelmelandssida blitt bygdebyfolk i Stavanger.
Forsand kommune, lengst sør i Ryfylke, har slått seg saman med Sandnes. Forsand tar store område med seg inn i den nye kommunen, og godt og vel 1 000 personar. Sandnes nærmar seg 80 000 menneske med stormskritt. Merk: I underkant av 170 forsandbuar på nordsida av innløpet til Lysefjorden, er nå blitt strandbuar. For Strand kommune har geografisk overtatt nordsida av Lysefjorden inn til og med Preikestolen. Det betyr at Strand er på veg mot 13 000 menneske.

Ryfylkesamarbeid med byen
– Sandnes kommune har overtatt Forsand sine posisjonar, plikter og rettar i ryfylkesamarbeidet. Det betyr at Sandnes nå er medlem i Ryfylke IKS (Interkommunale selskap), i lag med Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand, fortel Geir Ims i Ryfylke IKS, og legg til:
– Dermed bidrar også Sandnes med midlar inn i Ryfylkefondet, eit fond som er eit fantastisk verkemiddel for næringsutvikling og bukvalitet i regionen vår.
Stavanger kommune har også sagt eit rungande JA til Ryfylke. Storkommunen har tydeleg gjeve beskjed om at «me vil vera med i Ryfylkesamarbeidet gjennom medlemsskap i Ryfylkealliansen.» Ryfylkealliansen er fellesskapet, som jobbar med omdømmebygging, verdiskaping, bulyst og identitet i Ryfylke. Alliansen har 170 medlemer, alt frå alle kommunane, små, mellomstore og store bedrifter, festivalar, vidaregåande skular, vekstselskap m.m. Finnøy kommune var med i Ryfylkealliansen frå starten av i 2008.
– Me er verkeleg glade for at Stavanger blir med vidare. Saman kan me profilera ein storby- og landregion, der avstandane er blitt kortare mellom oss og interessene fleire. Opninga av Ryfylketunnelen har klart vist fellesskapet mellom oss. Nå både trur og håpar me Stavanger og Sandnes blir solide motorar for vidare vekst i Ryfylke, påpeikar styreleiar Helge Malmberg i Ryfylkealliansen.

Du kan lesa meir om Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Ryfylkefondet her:
Ryfylkealliansen
Ryfylke IKS
Ryfylkefondet

Innhaldet på denne nettsida er det Ryfylkealliansen som produserer.

Bilete: Velkomen til Stavanger! Når du køyrer i land frå ferja på Mortavika på Rennesøy er du komen til Stavanger og ikkje Rennesøy kommune. Men Rennesøy er framleis ei øy i Ryfylke.

Arkiv

Relaterte innlegg

Juvelen Nordmarka

Juvelen Nordmarka

Heile 100 mål er tilrettelagt for næring. Nå tar interessa for alvor av. Tau Næringspark er blitt populært. - Me skulle vera klare til Ryfast opna. Det klarte me, og me merkar verkeleg at fleire vil etablera seg her.Hogne Fjellanger ser stolt rundt...

SMIL i Ryfylke

SMIL i Ryfylke

Ja, dei kallar det så, Staal og MIL. Då blir det SMIL. Fokuset er bulyst og næringsliv i Ryfylke. Gjer deg klar for spennande haustdagar på Jørpeland. - Nå går dei to store idrettslaga på Jørpeland og Tau saman om å arrangera ein skikkeleg stor fest, kommenterer...

Pulserande perlå Sand

Pulserande perlå Sand

Kos deg med magasin to av Ryfylkepuls. Og i denne septembersendinga tar me pulsen på Sand i Suldal. Her kjenner ein framleis lukta av OL-gull. Korleis? Vel, sand på Sand er ein suksess. Det er også kopling mellom næring, skule og det offentlege. Laksen har hoppa godt...

Pin It on Pinterest

Share This