Bilete over: Det var Helgøy Skyssbåt som vann prisen i 2021. Men, kven vinn Merkevareprisen Ryfylke 2022? På biletet ser du administrasjonsleiar Ståle Halsne i Helgøy Skyssbåt smila godt etter fjorårstildelinga.
Blir det mat, museum eller juletre som blir vinnaren når Ryfylkealliansen skal kåra Merkevareprisen Ryfylke 2022? Bli kjent med tre stolte ambassadørar, som knivar venskapleg om den gjeve heiderstittelen.
Sidan 2008 er Merkevareprisen Ryfylke delt ut til ein medlem i Ryfylkealliansen som «gjennom sitt engasjement, godt omdømme og god merkevarebygging har sett Ryfylke på kartet på ein god måte». Vinnaren skal også visa til at han bruker ryfylkelogoen bevisst i si marknadsføring.
Dei tre kandidatane som er med i finalerunden om årets pris er:
- Ryfylkemuseet, kulturhistorisk museum i Ryfylke
- Norsk Juletreservice, produsenteigd selskap for sal av juletre
- Kulp Bistro & Catering, matformidlar med lokal forankring
Her kan du bli litt kjend med dei dyktige verksemdene som er årets kandidatar:
Ryfylkemuseet har tilbode kunnskap og opplevingar i over 40 år. Sidan etableringa i 1981, har både lokasjonar, utstillingar og andre opplevingar blitt av eit solid omfang i heile Ryfylke, frå øyperler til fjellandskap, frå bygd til by.
Ryfylkemuseet tar mål av seg å bidra til positiv samfunnsutvikling i heile regionen, og det er ingen tvil om at gjengen ved Ryfylkemuseet er stolt av å vera medlem i Ryfylkealliansen.
– Ryfylkelogoen er eit fint verkemiddel for å visa at Ryfylkemuseet er ein del av og kan representera Ryfylke, ute så vel som heime, seier Marie Bønløkke Missuno, som er førstekonservator ved Ryfylkemuseet.
Ryfylkemuseet nyttar ryfylkelogoen mellom anna i ulike publikasjonar, i digital marknadsføring og på nokre av anlegga til museet. Ikkje minst gjeld det ved museumsbutikken på Nesjasjøhuset på Sand.
Ryfylkemuseet har vore med på heile reisa sidan tanken om eit samla symbol for Ryfylke blei nemnd i 2006. Ryfylkelogoen blei lansert og Ryfylkealliansen etablert same dag, 22. januar i 2008. Ryfylkemuseet var sjølvsagt då ein av dei første medlemene.
Les meir om Ryfylkemuseet her: Ryfylkemuseet, kulturhistorisk museum i Ryfylke
Norsk Juletreservice er eit selskap som er eigd av juletreprodusentar. Norsk Juletreservice blei etablert i 1998 og har hovudkontor på Hjelmeland i Ryfylke. Selskapet sel juletre over heile Norge og til andre land i Europa. Dei fleste av produsentane held til på Sørvestlandet. Ryfylke er blitt den største juletreregionen i Norge, og dei aller fleste av produsentane i Norsk Juletreservice bur i Ryfylke, og geografisk er desse spreidde i heile regionen.
– Ryfylke har truverd og godt omdømme. Kanskje litt traust, men me er stolte, noko som er viktig. Me har vilje til å våga og satsa, og kanskje til å tenkja annleis. Derfor er det viktig for Norsk Juletreservice å bruka ryfylkelogoen og visa at me kjem frå Ryfylke, understrekar Peter Sigmundstad, som er ein av mange produsentar i juletreflokken.
I år kan Norsk Juletreproduksjon skilta med å ha ryfylkelogoen festa på merket som følgjer 20 000 juletre. Dessutan ser du logoen på ein stor rekrutteringsbrosjyre, som mellom anna skal brukast i høve den store landbruksmessa Agrovisjon.
Les meir om Norsk Juletreservice her: Forside | Norsk Juletre Service AS
Kulp blei etablert for 13 år sidan, då med utgangspunktet i Kulturhuset i Suldal på Sand. Drivar og kokk Terje Bjørndal såg raskt at han måtte utvida både lokala, matkonseptet og tal matfaglege medarbeidarar. I dag held Kulp til i næringsparken på Garaneset på Sand, i tillegg til å vera konstant på hjul. Folk i Ryfylke vil ha mat, og lokalmaten frå gjengen på Kulp er ettertrakta, enten det er catering eller kafé vil treng.
– Ryfylke er eit varemerke som me er stolte av å visa fram, både til turistar som er innom, men også til folk i regionen. Det er kjekt å jobba i Ryfylke, men samtidig vanskeleg å få tak i nok folk til jobbane våre. Då er det så viktig å spela på lag med andre i Ryfylke. Det å vera med i Ryfylkealliansen skapar samhald og ein blir synleggjort sterkare, meiner eigar Terje Bjørndal.
Kulp bruker ryfylkelogoen på både firmabil, flagg, klede, TV-skjermar i bistroen og på ulike digitale flater.
– Dessutan er me i gang med eit stort profileringsopplegg, som me ikkje kan røpa for mykje om nå. Men, der blir ryfylkelogoen svært tydeleg, smiler Terje Bjørndal.
Sjå meir om Kulp her: Kulp AS – Kulp Bistro & Catering
Merkevareprisen Ryfylke blir delt ut under arrangementet Arena Ryfylke onsdag 9. november. Det er styret i Ryfylkealliansen som er jury for prisutdelinga.
Tidlegare vinnarar er:
2008 Spa-hotell Velvære
2009 Suldal Billag
2010 Tomatfestivalen
2011 ikkje utdeling
2012 Ryfylkekokken
2013 Suldal kommune
2014 ASAP Personal
2015 Hjelmeland Sparebank
2016 Ryfylke Mat
2017 Møgedal Mekaniske Verkstad
2018 Grønvik Gard
2019 Ryfylke Fjordhotel
2020 Ryfylke Bakeri og Konditori
2021 Helgøy Skyssbåt