Vil du vinna billett til Ryfastløpet?

mai 24, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen, Ryfylkefondet

Ryfylkefondet støttar Ryfastløpet og vil dela ut billettar til halvmaratonet til 20 heldige vinnarar! Vil du vinna? Det er veldig enkelt å delta i konkurransen. Berre fyll ut dette skjemaet, med namn, mailadresse og ein setning eller to om kvifor du er glad i Ryfylke. Enklare blir det ikkje! Men for å vera med i konkurransen må du senda svaret ditt innan onsdag 29. mai.

Ryfastløpet blir arrangert laurdag 5. oktober. Det er totalt fem løp/renn som skal gjennomførast; Halvmaraton frå Stavanger til Solbakk, barneløp i Stavanger, barneløp på Solbakk, rulleskirenn for barn (Solbakk) og 4,5 km motbakkerenn på rulleski (Solbakk). All informasjon om både løp/renn og Ryfastprosjektet finn du på www.ryfastløpet.no.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This