Vil sikra seg yr.no

aug 28, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

– Min neste forretningsidé er å kjøpa opp yr.no. Då kan eg få gjestane til å velja dei dagane eg vil ha dei på tur, ler Lars Rødne. Ein merkeleg, men slettes ikkje galen sommar, er friskt i minne.

Permitteringar, ordrestans og fortviling. Til liks med mange andre i reiselivsbransjen, blei reiarlaget Rødne hardt råka av koronastenging i vår. Med nybygd elektrisk katamaran auka dei satsinga på Lysefjorden, men så blei det bråstopp:
– Det var ikkje akkurat den beste timingen å koma med ny båt i april, erkjenner dagleg leiar Lars Rødne, og tenkjer på den absurde våren.
– Det blei veldig spesielt for alle. Me har lært mykje nytt og sommaren blei trass alt betre enn kva me frykta i vår.

Vêrsjuke nordmenn
Nå takkar Lars Rødne alle norske turistar som valde å ta ferien i eige land, ikkje minst på fjordane i Ryfylke.
– Nordmenn er flinke … til å bestemma seg seint. Det er ein eigen kortsiktheit som rår, og me er veldig yr-avhengig, slår Rødne fast og røpar altså sin nye forretningsløyndom:
– Eg skal kjøpa opp www.yr.no, og så skal eg manipulera vervarslet. For me ser jo at den norske turisten bestiller ut frå kva yr.no seier. Og for å seia det mildt, yr.no har vel ikkje akkurat vore heilt å stola på i sommar. Me kan ha hatt 3 bestillingar ein dag og 150 neste dag på Lysefjordcruise. Og det ut frå kva vêr som er varsla. Men, dei tre som kom, har gjerne fått beste vêret, humrar Lars Rødne.

Flørli har slått til
Rødne er vane med å frakta 100 000 gjestar på Lysefjorden i ein sesong. I år blir talet som har sett «Preikestolen og dei» frå sjøsida godt under 50 000 .
– Den store suksessen i sommar har vore turanw til kraftbygda Flørli. Båt inn og båt i retur 4,5 time seinare frå Flørli. Då har dei reisande kunne gå den heftige turen opp 4444 trappetrinn og rundløypa ned att. Det er noko med oss nordmenn. Me er jo eit fjellfolk, og nå har ein fått både fjord og fjell på ein tur, fortel Lars Rødne.

130 tilsette står på lønningslista til Rødne. På det verste var 50 av dei permitterte i mai/april.
– Folk har kome tilbake sakte men sikkert. Nå er knapt ti tilsette permitterte. Og me vonar verkeleg at me ikkje treng auka det talet og at desse ti er tilbake i jobb om ikkje alt for lenge, seier Lars Rødne og legg til:
– Jo visst blir det heftige raude tal i år. Men, denne situasjonen vil jo gå over ein eller annan gong. Det tar berre litt langt tid. For framtida har eg verkeleg tru på!

Foto: Samferdselsfoto, Tor Arne Aasen

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This