Vinnarar av Ryfylkequizen 2023

mai 25, 2023 | Framside, Nyhende, Ryfylkequiz 2023

Eit halvt poeng var det som skulle skilje 1. og 2. plass av årets quizfinale. Tau ungdomsskole trekte lengste strået og blei dermed vinnarar av årets Ryfylkequiz. Som alltid var nivået høgt og spenninga på topp. Me snakkar altså 58,5 av mogelege 65 poeng. WOW.

2. plass – Sauda Ungdomsskule
Linea Hustveit, Malena Løland og Knut Jesper Landa Bjørheim
1. plass – Tau Ungdomsskole
Anna Ritland Hatleskog, Sigrid Næss og Maria Høllesli
3. plass – Sand Skule
Levi Warhaug, Josef Ulset og Liva Solbakken

Finalen 2023 gjekk føre seg i den flotte storsalen i Folkets Hus. Proff rigg, aktivt publikum og sylskarpe deltakarar var eit godt utgangspunkt for ein underhaldande formiddag i Sauda. For underhaldning skulle det bli. Etter at mange av skulane hadde vore og lukta på førsteplassen i løpet av sendinga, var det heimelaget Sauda som var i leiinga før poenga for siste oppgåve skulle delast ut.

Dette var ei oppgåve laga hadde løyst i starten av finalen, men poenga skulle delast ut heilt til slutt. Alt var framleis heilt ope. Nye og nye lag fekk sine poeng. Dermed var det nye og nye lag som tok leiinga. Etter Sand hadde fått sine poeng og låg på ein førebels førsteplass, var det to lag som venta på sine poeng. Det var Tau. Det var Sauda. Med eit halvt poeng i favør Sauda.

«Tau fekk 12 poeng». Tau fauk til topps. No var det opp til Sauda å matche Tau sine 12 av 12 mogelege poeng. Hadde dei klart det?

«Sauda fekk…»

Salen dirra av spenning.

«…11 poeng»

Dermed kunne «Taurarane», Anna Ritland Hatleskog, Sigrid Næss og Maria Høllesli, juble for siger og solide pengepremiar frå Hjelmeland Sparebank. Andre- og tredjeplassen mottok også pengepremiar, samt alle laga mottok stor applaus av publikum. Enorm innsats og kunnskapsnivå hjå samtlege.

Tusen takk for i år!

Arkiv

Relaterte innlegg

Direktepuls frå Sauda

Direktepuls frå Sauda

For første gong sender Ryfylkepuls direkte, eller live om du vil. Ryfylkealliansen sender Ryfylkepuls direkte torsdag 25. mai kl. 18.00 frå Sauda. Me spenner i gang Saudadagane med gjestar, herlege innslag frå heile Ryfylke, festivalfeber, ungdomsglede,...

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

Sjå den direktesendte finalen i Ryfylkequiz 2023!

25. mai og den store quizfinalen i Ryfylkequiz 2023 er rett rundt hjørnet. 9 ungdomsskular i Ryfylke skal kjempa side om side i Folkets Hus i Sauda. I løpet av våren har Ryfylkequiz reist rundt i Ryfylke og utfordra Ryfylkeungdommen på kor mykje dei eigentleg kan om...

Gratulerer med dagen Ryfylke

Gratulerer med dagen Ryfylke

Ja, visst blei 17. mai ein stor festdag i heile Ryfylke. Me har samla høgdepunkta i ei unik 17. mai-sending frå heile Ryfylke. Med god hjelp frå gode medspelarar frå alle krikar og krokar i våre fantastiske region, har me sydd saman herlege glimt frå denne...

Pin It on Pinterest

Share This