Velkommen til Ryfylke

Dette er nettsida for deg som søkjer informasjon om kva du kan finna på i Ryfylke, korleis det er å bu, jobba og leva her.

Tidlegare var ryfylke.no vertskap for tre ulike aktørar. No har kvar av desse aktørane fått sine eigne dedikerte nettsider.
Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møta kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønsker å bu og arbeide.
Meir om Ryfylke IKS
Ryfylkealliansen er eit fellesskap med om lag 175 medlemer som står saman for å løfta fram Ryfylke. Visjonen er klar: “Ryfylke - Her vil eg leva. Her vil eg bu.”
Meir om Ryfylkealliansen
Fleire gonger i året delar Ryfylkefondet ut midlar som skal gå til utviklingstiltak for å sikra og auka busetting og trivsel i Ryfylke.
Meir om Ryfylkefondet

Gratis busskort for ungdom 2024-2025

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand-delen av Sandnes reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Sommarjobb i Ryfylke

Kunne du tenkt deg arbeidserfaring og spennande utfordringar frå Ryfylke? Då kan du melde di interesse for sommarjobb eller registrere profilen din slik at den blir synleg for arbeidsgiverar i Ryfylke.
TV-sending og korte innslag som tar pulsen på Ryfylke og har som mål å synleggjera moglegheiter og næringsliv i Ryfylke. Fokus er på bulyst og livsglede, ungdomar og næringsliv.
Meir om Ryfylkepuls

RYFYLKEQUIZ

Kva ungdomar veit mest om Ryfylke? Kvart år reiser Ryfylkealliansen rundt til åttande klassingane i Ryfylke.
Meir om Ryfylkequiz

Utdanning i Ryfylke

I Ryfylke kan du ta høgare utdanning der du bur! I samarbeid med arbeidsliv, universitet, høgskule og fagskule er det skreddersydd fleksible modulbaserte deltidsstudium som kan kombinerast med arbeid og familie.
Meir om utdanningstilbod

Aktuelt frå Ryfylke

New Kaupang og arbeidet med framtidas næringsareal

Fra Ryfylke IKS
New Kaupang vart etablert i 2016, med utgangspunkt i arbeidet knytt til straumkabelen frå Kvildal til England. Då det hausten 2015 vart klart at fiber ikkje ville bli lagt saman med straumkabelen, tok Ryfylke IKS initiativ til å sjå på alternative løysingar. Dette blei starten på eit større arbeid med både infrastruktur og industriutvikling.
Les meir

Eventyrskogen fyllest med julestemning

Fra Ryfylkealliansen
Kva gjev vel meir julestemning i Ryfylke enn bålfyring, julenisse, julegraut, forventingsfulle ungar, gladlaks, julemusikk og eit skikkeleg eventyr? Sjølvsagt blei det fullklaff med førjulssending av Ryfylkepuls i Eventyrskogen. Ryfylkepuls har saman med eit knippe ryfylkingar vore på besøk hos Eldfinn Austigard i Eventyrskogen i Årdal. Figurane i skogen har venta ei stund på å…
Les meir

Ryfylke

Ryfylke ligg vakkert til vest i Noreg, nordaust for Stavanger. Med spektakulære fjordar og majestetiske fjell, er Ryfylke eit landemerke i den norske naturen. Den nordlege delen med kommunane Sauda og Suldal blir kalla Indre Ryfylke, medan dei austlege delane i fjellandskapet over Strand og Hjelmeland blir kalla Ryfylkeheiene. Ryfylke har eit pulserande samfunn med eit variert næringsliv og spennande karrieremoglegheiter.