Velkommen til Ryfylke

Dette er nettsida for deg som søkjer informasjon om kva du kan finna på i Ryfylke, korleis det er å bu, jobba og leva her.

Tidlegare var ryfylke.no vertskap for tre ulike aktørar. No har kvar av desse aktørane fått sine eigne dedikerte nettsider.
Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møta kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønsker å bu og arbeide.
Meir om Ryfylke IKS
Ryfylkealliansen er eit fellesskap med om lag 175 medlemer som står saman for å løfta fram Ryfylke. Visjonen er klar: “Ryfylke - Her vil eg leva. Her vil eg bu.”
Meir om Ryfylkealliansen
Fleire gonger i året delar Ryfylkefondet ut midlar som skal gå til utviklingstiltak for å sikra og auka busetting og trivsel i Ryfylke.
Meir om Ryfylkefondet

Gratis busskort for ungdom 2024-2025

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand-delen av Sandnes reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Sommarjobb i Ryfylke

Kunne du tenkt deg arbeidserfaring og spennande utfordringar frå Ryfylke? Då kan du melde di interesse for sommarjobb eller registrere profilen din slik at den blir synleg for arbeidsgiverar i Ryfylke.
TV-sending og korte innslag som tar pulsen på Ryfylke og har som mål å synleggjera moglegheiter og næringsliv i Ryfylke. Fokus er på bulyst og livsglede, ungdomar og næringsliv.
Meir om Ryfylkepuls

RYFYLKEQUIZ

Kva ungdomar veit mest om Ryfylke? Kvart år reiser Ryfylkealliansen rundt til åttande klassingane i Ryfylke.
Meir om Ryfylkequiz

Utdanning i Ryfylke

I Ryfylke kan du ta høgare utdanning der du bur! I samarbeid med arbeidsliv, universitet, høgskule og fagskule er det skreddersydd fleksible modulbaserte deltidsstudium som kan kombinerast med arbeid og familie.
Meir om utdanningstilbod

Aktuelt frå Ryfylke

Kva skal til for å få på plass ny industri?

Fra Ryfylke IKS
Ein fiberkabel mellom Suldal og England vart starten på noko større. I podkasten Bak Skyen deler Ketil Barkved erfaringar frå arbeidet med å leggja til rette for ny industri, og samarbeidet som må til for å få resultat i store prosjekt.
Les meir

Ryfylkeprofil 2026 er tildelt Ryfylke Trelast

Fra Ryfylkealliansen
Bente Garborg frå styret i Ryfylkealliansen delte ut prisen til Ryfylke Trelast v/dagleg leiar Aleksander Amdal på Ryfylkekonferansen 10. november. Her er styret si grunngjeving: Ryfylke Trelast – ein lagspelar for heile Ryfylke. Synleg, engasjert og med blikket retta framover. Ryfylke Trelast er ei bedrift som ikkje berre byggjer hus og prosjekt – dei er…
Les meir

Ryfylke

Ryfylke ligg vakkert til vest i Noreg, nordaust for Stavanger. Med spektakulære fjordar og majestetiske fjell, er Ryfylke eit landemerke i den norske naturen. Den nordlege delen med kommunane Sauda og Suldal blir kalla Indre Ryfylke, medan dei austlege delane i fjellandskapet over Strand og Hjelmeland blir kalla Ryfylkeheiene. Ryfylke har eit pulserande samfunn med eit variert næringsliv og spennande karrieremoglegheiter.