Bu og jobba i Ryfylke
Korleis er det å bu i Ryfylke?
Det er trygt, godt og triveleg å bu i Ryfylke
Sauda er industribyen inst i Ryfylke. Her bur det 4 500 personar og du har naturopplevingar rett utafor døra, samt eit kompakt bysentrum med kulturhus, heilårs utandørsbasseng, familiepark, kino og bibliotek. På Sauda kommune si heimeside finn du tips og råd om alt frå jobb til bumoglegheiter og tilbod, både til deg og resten av familien.
sauda.kommune.noSkattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Her er det god plass og ein fantastisk natur! Vurderer du å flytta til Suldal? Her finn du informasjon som kan vera kjekk å ha som nytilflytta.
suldal.kommune.noI Hjelmeland har du fjord og turområde utanfor døra men er under ein time frå Stavanger. Hjelmeland er ein liten kommune med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1067 kvadratkilometer.
hjelmelandnaturlegvis.noBerre 25 minutt frå Stavanger finn du Strand kommune og dei to tettstadane Tau og Jørpeland. Kommunen har 13 700 innbyggjarar og har vakker og variert natur med nærleik til både fjell og sjø.
strand.kommune.noForsand er ein tettstad i Sandnes kommune med rundt 500 innbyggjarar. Forsand var ein eigen kommune fram til kommunen vart slått saman med Sandnes i 2020. Staden ligg i kryssingspunktet mellom Lysefjorden og Høgsfjorden i Ryfylke.
sandnes.kommune.no