Velkommen til Ryfylke

Dette er nettsida for deg som søkjer informasjon om kva du kan finna på i Ryfylke, korleis det er å bu, jobba og leva her.

Tidlegare var ryfylke.no vertskap for tre ulike aktørar. No har kvar av desse aktørane fått sine eigne dedikerte nettsider.
Ryfylke IKS jobbar for å skape fleire arbeidsplassar, møta kompetansebehov og drive næringsutvikling i regionen, slik at Ryfylke blir ein attraktiv region der folk ønsker å bu og arbeide.
Meir om Ryfylke IKS
Ryfylkealliansen er eit fellesskap med om lag 175 medlemer som står saman for å løfta fram Ryfylke. Visjonen er klar: “Ryfylke - Her vil eg leva. Her vil eg bu.”
Meir om Ryfylkealliansen
Fleire gonger i året delar Ryfylkefondet ut midlar som skal gå til utviklingstiltak for å sikra og auka busetting og trivsel i Ryfylke.
Meir om Ryfylkefondet

Gratis busskort for ungdom 2024-2025

Frå 1. september 2024 kan ungdom mellom 15 og 22 år som bur i Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Forsand-delen av Sandnes reisa gratis med kollektivtransport i Rogaland. Du kjøper sjølv U23-billetten og søkjer om tilbakebetaling i etterkant gjennom eit elektronisk skjema.

Sommarjobb i Ryfylke

Kunne du tenkt deg arbeidserfaring og spennande utfordringar frå Ryfylke? Då kan du melde di interesse for sommarjobb eller registrere profilen din slik at den blir synleg for arbeidsgiverar i Ryfylke.
TV-sending og korte innslag som tar pulsen på Ryfylke og har som mål å synleggjera moglegheiter og næringsliv i Ryfylke. Fokus er på bulyst og livsglede, ungdomar og næringsliv.
Meir om Ryfylkepuls

RYFYLKEQUIZ

Kva ungdomar veit mest om Ryfylke? Kvart år reiser Ryfylkealliansen rundt til åttande klassingane i Ryfylke.
Meir om Ryfylkequiz

Utdanning i Ryfylke

I Ryfylke kan du ta høgare utdanning der du bur! I samarbeid med arbeidsliv, universitet, høgskule og fagskule er det skreddersydd fleksible modulbaserte deltidsstudium som kan kombinerast med arbeid og familie.
Meir om utdanningstilbod

Aktuelt frå Ryfylke

På sommarjobb-turné i ny Heim te Ryfylke-bil

Fra Ryfylke IKS
Denne sommaren har Andrea Hebnes Tobekk reist frå Sauda til Forsand for å møta ungdommar som har sommarjobb i Ryfylke. Turneen har vore ein del av satsinga sommarjobben.no og denne gongen har ho hatt med seg noko heilt nytt – Heim te Ryfylke sin splitter nye bil.
Les meir

Fryktlaus fargeklatt

Fra Ryfylkealliansen
Ho er ikkje redd for å gripa sjansar, gjera feil eller for å gå for plan B eller C. – Om ei dør blir lukka, kan ei anna bli opna. Eg meiner, så lenge det er gøy, why not? Bonolo Ramphomane-Aandahl frå Sør-Afrika og Sand ler høgt, satsar stort og har eit brennande ønske om…
Les meir

Ryfylke

Ryfylke ligg vakkert til vest i Noreg, nordaust for Stavanger. Med spektakulære fjordar og majestetiske fjell, er Ryfylke eit landemerke i den norske naturen. Den nordlege delen med kommunane Sauda og Suldal blir kalla Indre Ryfylke, medan dei austlege delane i fjellandskapet over Strand og Hjelmeland blir kalla Ryfylkeheiene. Ryfylke har eit pulserande samfunn med eit variert næringsliv og spennande karrieremoglegheiter.