Jelsa blei det rette valet.

Nå gjer me dette i lag og gjer eit skikkeleg forsøk på det, og så satsar me litt. Eg tenkjer at det var veldig verdt det, seier Helga Nessa når ho fortel om prosessen ho og mannen Sveinung Nessa hadde då dei skulle bestemma seg for om dei skulle flytta heim til hennar eller hans heimplass.

Dei landa på å flytta til Sveinung sin heimplass, Jelsa i Ryfylke. Helga har ikkje angra etterpå. Ho var utdanna sjukepleiar då ho kom hit, og var i juni ferdig utdanna helsesjukepleiar. Etterutdanning betalt av Suldal kommune. Det er ho veldig takksam for, og ho stortrivst i jobben. Så har Helga og Sveinung det som dei fleste andre småbarnsfamiliar; fulle ettermiddagar med fritidsaktiviteter og anna som dei engasjerer seg i. Og, for familien blir det nok noko meir køyring enn for andre som bur på ein større tettstad. Men det står dei godt i, for trivselen på Jelsa er stor. Familien Nessa opplever at det er så roleg, fint og godt å bu på ein slik plass, og nærleiken til sjøen set dei stor pris på.

Stig Morten Nerheim i Sparebanken Vest seier at dei beste telefonane dei får, det er utflytta ryfylkingar som vil flytta heim. Han har også fått med seg at det då er ei utfordring for par å landa på kven sin heimplass dei skal flytta til. Det er denne “kampen” Ryfylke må vinna, meiner han. Men kva må ein gjera for å vinna? Få med deg Ryfylkepuls frå Jelsa.

Sendinga ser du her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no

Helga jobbar som helsesjukepleiar i Suldal kommune, og stortrivst med det
Helga og Sveinung er nøgde med at dei valde å flytta til Jelsa for ti år sidan

The post Jelsa blei det rette valet. appeared first on Ryfylkealliansen.

Related posts

Leave the first comment