[et_pb_section fb_built=”1″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” custom_margin=”-95px|||||” custom_padding=”||0px|||” global_colors_info=”{}”][et_pb_row _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” min_height=”102px” global_colors_info=”{}”][et_pb_column type=”4_4″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_text _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” custom_margin=”||-34px|||” global_colors_info=”{}”]
Han er ung, modig, søker spenning og satsar alt på å bli best i verda. 20 år gamle Jone Sandvik frå Tau har etablert seg i verdstoppen i motorsporten trial. Det betyr eit toppidrettsliv der alt dreiar seg om solid balanse og heftige svev på motorsykkelen.
[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row column_structure=”1_2,1_2″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” min_height=”529.7px” custom_padding=”||0px|||” global_colors_info=”{}”][et_pb_column type=”1_2″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_text _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” hover_enabled=”0″ global_colors_info=”{}” sticky_enabled=”0″]
Ikkje høyrd om Jone Sandvik? Eller berre Sandwich, som han har fått kallenamnet i det internasjonale trialmiljøet. Han reiser verda rundt for å prestera på høgt nivå, med balansekunst, kroppskontroll og dristige svev på motorsykkelen.
– Målet er å bli verdsmeister, slår 20-åringen fast.
Etter vidaregåande skule har all tida hans gått med til motorsporten.
– Jo, eg er redd inni mellom. For når du heile vegen skal strekkja strikken litt lenger, kan det bli uhell og skader, fortel Jone Sandvik og legg til:
– Men, eg får adrenalinkick og meistringskjensla gjev meg noko ekstra. Eg ønskjer å vera ein teknisk, leiken trial-køyrar som viser mange kule hopp, er litt vill og har solid kontroll på sykkelen.
[/et_pb_text][/et_pb_column][et_pb_column type=”1_2″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_image src=”https://ryfylkealliansen.no/wp-content/uploads/2026/04/Jone-7.jpeg” title_text=”Jone 7″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” height=”472px” global_colors_info=”{}”][/et_pb_image][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” min_height=”63.4px” global_colors_info=”{}”][et_pb_column type=”4_4″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_text _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” min_height=”59.4px” custom_margin=”-13px|||||” hover_enabled=”0″ global_colors_info=”{}” sticky_enabled=”0″]
Jone har køyrd trialsykkel sidan han var fem år. Ja, du las rett, fem år! For då kan du faktisk starta i Vaulali Trialklubb. Klubben, med utgangspunkt i leirstaden Vaulali i Bjørheimsbygd, har nå bane i flotte omgjevnader i Nordmarka på Tau. Me møtte Jone på trening ein nydeleg vårdag i år. Og er du nysgjerrig korleis Jone briljerer på sykkelen, kan du sjå her:
[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row column_structure=”1_2,1_2″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_column type=”1_2″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_video src=”https://youtu.be/mOQiaCbrItU” _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][/et_pb_video][/et_pb_column][et_pb_column type=”1_2″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_video src=”https://youtu.be/ZqXLCajVFks” _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][/et_pb_video][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_column type=”4_4″ _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_text _builder_version=”4.27.6″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”]
Når verdsmeisterskaps-serien startar i mai, har Jone Sandvik eit klart mål for året:
– Eg blei nummer 17 i VM i fjor. I år skal eg blant dei ti beste. Neste år går eg for topp fem.
– Og i 2028?
– Då bør eg helst vinna, kjem det med eit smil frå Jone. For til topps skal han, det er klart.
Møt Jone Sandvik i vår nyaste utgåve av podkasten På Ekta. Her får du ei historie om ein kar som satsar alt, som har solid støtte frå foreldra, om ein idrett som er heftig kostbar og om ein kar som ønskjer å slå seg ned i Ryfylke når han blir stor.
Du høyrer podkasten på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no
[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]



