Årets superfinale er den jamnaste nokon gong, og spenninga var stor då vinnarlaget skulle kårast.
Til slutt var det Tau ungdomsskule som gjekk heilt til topps og vann superfinalen onsdag. Dei stilte med laget OST som består av Ola Voster, Siri Stendahl og Theo Kristensen Moen, og enda med 84 av 97 moglege poeng.

Etter ei nervepirrande opplesing av dei siste poenga, viste det seg at to av laga på pallen hadde lik poengsum.
Forsand skule og Hjelmeland ungdomsskule enda på ein delt andreplass med 81 poeng.
A-laget frå Forsand skule består av Solomiia Kimachuk, Ýmir Thorrarinson og Markus Haukelid.
Hjelmeland ungdomsskule stilte med laget AOA som består av Andreas Landro Asprusten, Oda Mosnes Mæland og Akram Albakkar.
Me gratulerer vinnarane og takker alle elevane for ein fantastisk innsats.





