Suldal satsar på trainee: – Me må finna nye måtar å rekruttera på

– Me er opptekne av å finna nye måtar å rekruttera på. Med ei traineestilling kan me nå ei ny gruppe, og samtidig visa at kommunen er ein spennande arbeidsplass også for nyutdanna, seier Elise, konstituert kommunalsjef for organisasjon i Suldal kommune.

Det har lenge vore eit politisk ønske om å tilsetja ein trainee i Suldal kommune. No blir planane realiserte som ein del av det første kullet i Trainee Ryfylke.

For kommunen handlar satsinga om meir enn å få eit ekstra par hender. Ein nyutdanna kjem også inn med fersk kunnskap og nye perspektiv.

– Me har ei stor breidde i oppgåvene våre. Ein nyutdanna kan koma inn med andre perspektiv og ny kompetanse, og gi oss nye briller på måten me arbeider på.

Skal jobba med utvikling av kommunen

Portrettbilde

Den første traineen i Suldal skal arbeida innan digitalisering og utvikling. Men det betyr ikkje nødvendigvis at kommunen er på jakt etter ein rein teknolog.

– Det er ei forventning om at me skal jobba på nye og smartare måtar framover. Digitalisering handlar ikkje først og fremst om teknologi, men om korleis me kan arbeida betre og meir effektivt, seier Elise.

Traineen skal få delta i utviklingsarbeid og bli kjent med ulike delar av kommuneorganisasjonen.

– Det er ei spennande stilling der ein får bli kjent med heile kommunen. Traineen skal vera med og sjå moglegheiter og delta i utviklingsarbeidet vårt.

Vil få unge til å oppdaga moglegheitene

Suldal kommune opplever, som mange andre distriktskommunar, utfordringar med å rekruttera innan enkelte fagområde. I dag er det særleg krevjande å få tak i mellom anna pedagogar og sjukepleiarar.

Den første traineestillinga er ikkje retta mot desse yrkesgruppene, men kommunen ser potensial for å utvikla måten dei bruker traineeordninga på i framtida.

Denne gongen er eitt av måla å nå unge med høgare utdanning som kanskje ikkje elles ville sett mot ein distriktskommune når dei skal ta dei første stega i arbeidslivet.

– Me ønskjer å få unge til å sjå moglegheitene som finst i kommunen og i distrikta. Me vil tilby ein spennande start på karrieren, men håpet er sjølvsagt også at det kan bidra til at folk ønskjer å bli verande, seier Elise.

Ei eittårig traineestilling kan også gjera terskelen lågare for den som er usikker på om livet i Ryfylke er noko for dei.

– Du kan få prøva noko nytt. Samtidig får du relevant erfaring å ta med deg vidare på CV-en.

Jobben er berre ein del av pakken

Å få ein ung arbeidstakar til å takka ja til ein jobb er éin ting. Å sørgja for at personen trivst når han eller ho kjem, er noko anna.

Det har Suldal kommune arbeidd aktivt med dei siste åra. Sommarvikarar og lærlingar blir mellom anna inviterte til «Sumarvibbar», og kommunen sitt velferdsutval arrangerer aktivitetar for tilsette gjennom året, frå kino og quiz til lefsebaking.

For ein trainee kjem det i tillegg eit eige nettverk.

Gjennom Trainee Ryfylke blir traineen i Suldal del av eit regionalt kull med andre unge som er i starten av arbeidslivet. I løpet av året skal dei møtast til faglege og sosiale samlingar på ulike stader i Ryfylke.

– Det sosiale er viktig. Det er spesielt å vera ny i arbeidslivet og ha lite erfaring. Då trur eg det er verdifullt å møta andre som er i den same situasjonen, seier Elise.

Ho trekkjer fram nettopp opplegget rundt sjølve stillinga som noko av det mest interessante ved satsinga.

– Mange kan oppleva at dei blir godt mottekne på arbeidsplassen. Men det som er fint her, er at det er eit opplegg rundt traineane. Dei får noko som både er sosialt, fagleg og utviklande, og dei får bli kjent med Ryfylke.

Eit større miljø enn éin arbeidsgivar kan skapa

Det er nettopp dette Trainee Ryfylke skal bidra med.

– Ein arbeidsgivar kan tilby ei spennande stilling og eit godt arbeidsmiljø, men det er vanskelegare å skapa eit større fagleg og sosialt miljø for unge åleine. Ved å samla traineear frå fleire verksemder ønskjer me å gi dei eit nettverk på tvers av arbeidsplassar, kommunar og bransjar, seier Inger Johanne Vasshus, prosjektleiar i Ryfylke IKS.

Traineeane blir tilsette hos den enkelte arbeidsgivaren, medan Ryfylke IKS står for det felles utviklingsprogrammet. Det første kullet skal etter planen starta i desember 2026 og ha fire samlingar gjennom året, i tillegg til mentoroppfølging, bedriftsbesøk og faglege og sosiale aktivitetar.

For Vasshus handlar det om å gi unge ein god start på arbeidslivet, og eit fellesskap rundt seg frå første dag.

– Arbeidsgivarane kan tilby spennande og utviklande arbeidsoppgåver, men me trur det skal meir enn ein god jobb til for å trivast og ønskja å bli. Gjennom traineeprogrammet får dei fagleg påfyll, opplevingar og eit nettverk med andre som er på same plass i livet. Dei får nokon å dela erfaringane med, både om det å vera ny i arbeidslivet og kanskje òg ny i Ryfylke.

Traineane skal nemleg få bli betre kjende med Ryfylkeregionen.

– Skal Ryfylke vera attraktivt for unge, må dei få sjå kva som faktisk finst her. Me ønskjer at traineane skal bli kjende med ulike stader, menneske og verksemder, og få oppleva nokre av moglegheitene og verdiane Ryfylke har å by på.

Håpar eitt år gir lyst på meir

Suldal kommune omtalar den første traineestillinga som eit prøveprosjekt. Ambisjonen er likevel tydeleg.

Kommunen ønskjer at traineen skal få ein spennande og trygg start på arbeidslivet, bli kjent med kommunen og byggja erfaring og nettverk gjennom året.

Og dersom det fungerer slik dei håpar, stoppar ikkje historia etter eitt år.

– Målet må vera at dei får lyst til å søkja på andre stillingar hos oss etterpå, seier Elise.

Kort om Trainee Ryfylke

  • Eittårig traineeprogram for nyutdanna med bachelor- eller mastergrad og inntil tre års arbeidserfaring.
  • Traineen blir tilsett og får lønn hos den enkelte arbeidsgivaren.
  • Fire regionale samlingar med fagleg utvikling, nettverksbygging, bedriftsbesøk og sosiale aktivitetar.
  • Kvar trainee får ein eigen mentor hos arbeidsgivaren.
  • Målet er å rekruttera, utvikla og behalda unge med høgare utdanning i Ryfylke.

Related posts

Leave the first comment