AquaNext er både ein konferanse og ei utstilling som vil samle sentrale aktørar i akvakulturnæringen globalt og nasjonalt. Det er venta 8000 personar her frå havbruksnæringa, som er ei av dei viktigaste næringane i Ryfylke.
Ryfylke IKS skal delta med felles stand saman med Høgskulen på Vestlandet, Fagskolen i Rogaland og Strand vidaregåande skule. Aktørane skal saman visa at Ryfylke er ein viktig og stor region innan akvakultur og at det er ei felles satsing for å løfta kompetansen i havbruksnæringa.
The post Ryfylke deltar på AquaNext 2024 appeared first on RIKS – Ryfylke IKS.