Kven meiner du fortener MOR-prisen for 2024?

Kven skal få pris for å stå på for kompetanseheving i Ryfylke? Ryfylke IKS ønskjer kandidatar til MOR-prisen 2024. Send inn grunngitte forslag innan 1.august.

Under Ryfylkekonferansen MOR den 5. og 6. september på Sand vil det bli delt ut ein pris til ein person eller ei bedrift/organisasjon som i arbeid og ombod har stått på for dei som søkjer og treng ny kompetanse. Målet med prisen er å fremja merksemd om og nye måtar for læring og kompetanseutvikling i Ryfylke. 

Prisen gjekk i 2023 gjekk til Tone Merete Brekke ved Høgskulen på Vestlandet for innsatsen sin for å få fleire studier langt til Ryfylke. 

Send inn dine forslag til vinnar(-ar) av MOR-prisen

Me veit at det finst mange gode kandidatar rundt om i Ryfylke. Men for å kunna dela ut prisen er me avhengige av å få inn forslag på kandidatar frå personar eller organisasjonar som kjenner regionen godt. Me vil gjerne ha mange å velja mellom.

Har du framlegg til kandidatar som fortener MOR-prisen for 2024? Send ei kort grunngjeving til einar@ryfylkeiks.no innan 1. august 2024.


Nyheiter frå Ryfylke IKS

The post Kven meiner du fortener MOR-prisen for 2024? appeared first on RIKS – Ryfylke IKS.

Related posts