Etablering av ungdomsstyre i Ryfylke

Konstituerande møte for ungdomsstyret i Ryfylke finn stad i Stavanger fredag 7.juni. Styret skal vera ein fellesarena for ungdomsrådene i Ryfylke i saker som handlar om å vera ung i regionen.

– Styret skal vera ein viktig pådrivar for å auka deltaking av unge i utviklinga av Ryfylkeregionen. Det skal bidra til å byggja gode møteplassar og å styrkja bu- og arbeidsattraktivitet for unge i regionen, seier rådsordførar Irene Heng Lauvsnes.

Ungdomsstyret i Ryfylke har ti medlemmer, to frå kvar av Ryfylke-kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes. Gjennom samarbeid over kommunegrensene skal medlemmene i ungdomsstyret dra nytte av kvarandre sine erfaringar frå dei ulike kommunane, med sikte på utvikla og styrkja regionen.

– Styret skal arbeida for at ungdommar kan stå saman i viktige interessesaker som gjeld unge sine vilkår i Ryfylke, og det skal ha eit sentralt ansvar for å bidra til å byggja Ryfylke-identiteten i regionen, seier Lauvsnes.

Oppgåvene til ungdomsstyret i Ryfylke

Saman med ungdomsråda i kommunane skal styret stimulera til samfunnsengasjement, medbestemming og deltaking når politikk skal formast.

Viktige oppgåver til ungdomsstyret blir å:

  • leggja til rette for faglege og sosiale arenaer og møteplassar for dei unge
  • peika ut representantar til politiske fora på regionalt og fylkeskommunalt nivå som skal representera unge i Ryfylke
  • arbeida for at kollektivtilbodet i regionen tar omsyn til ungdommen sine behov
  • bidra til å fordela midlar til tiltak av interesse for unge
  • vera eit høyringsorgan i alle saker som gjeld dei unge sine vilkår

Ungdomsstyret kan også invitera politikarar, administrasjon eller andre til styremøta for utveksling av informasjon og kunnskap, for å stilla spørsmål eller for å diskutera ei sak.

Samansetjing av styret

– Kvart ungdomsråd i Ryfylke-kommunane vel ein representant med vara til ungdomsstyret. Representanten må vera mellom 15 og 20 år i kalenderåret han blir vald. Ryfylkerådet peikar i tillegg ut ein person med vara frå kvar kommune som er over 20 år og under 26 år i kalenderåret vedkomande blir vald. Funksjonstida for styret er to år, med 5-6 årlege møter, avsluttar Lauvsnes.

Les meir om ungdomsstyret i Ryfylke
Rapport: Tilrådingar frå ungdomsutvalet


Nyheiter frå Ryfylke IKS

The post Etablering av ungdomsstyre i Ryfylke appeared first on RIKS – Ryfylke IKS.

Related posts

Leave the first comment