Velkommen til den nye nettsida vår!

Ny grafisk profil og ny nettside

Ryfylke IKS har gjennomgått store endringar og presenterer no stolt sin nye grafiske profil og nettside, seier rådsordførar Irene Heng Lauvsnes.

Tidlegare fungerte ryfylke.no som ein plattform for tre ulike aktørar. Ryfylke IKS, Ryfylkefondet og Ryfylkealliansen brukte alle ryfylke.no som sin hovudkanal for kommunikasjon. Besøkande på nettsida har meldt at det var vanskeleg å finna fram i innhaldet og å skilje mellom dei ulike aktørane.

– Å forbetre kommunikasjonen vår var derfor eit viktig mål, seier Lauvsnes.

Nokre viktige punkt i dette arbeidet har vore å klargjere skilnaden mellom dei tre aktørane som er representert på nettsida, gjere det enklare for målgruppene å finne informasjon om Ryfylke og å styrkja Ryfylke IKS sin visuelle identitet.

Ryfylke.no – ein inngangsportal til Ryfylke
No har kvar av aktørane fått sine eigne dedikerte nettsider: ryfylkeiks.no, ryfylkefondet.no og ryfylkealliansen.no. Slik at ryfylke.no vil fungera som ein inngansportal til Ryfylke, der folk kan finne informasjon om fleire aktørar i Ryfylke.

I arbeidet med nettsida til Ryfylke IKS har me lagt vekt på at det skal vera lett å finne informasjon om arbeidet vårt og at den etterlever krava til universell utforming. – Alt er ikkje på plass, men me er på god veg, seier rådsordføraren.

Ryfylke IKS får ny grafisk profil
Den gamle grafiske profilen til Ryfylke IKS var utdatert og lite i bruk. Samfunnet har endra seg mykje og det er nye krav til logo i den digitale tidsalderen. Det var behov for ein meir moderne profil, tilpassa den digitale kvardagen, som også speglar kva Ryfylke IKS jobbar for. Gradvis vil den gamle bli erstatta med nye, slik at det blir lettare for folk å kjenne igjen avsendaren.

– Samstundes har Ryfylke ein logo som representerer regionen vår, og denne skal bestå. Det er Ryfylke IKS som har ansvar for forvaltinga av regionslogoen til Ryfylke, og den skal framleis symbolisere regionen si felles identitet og binde bedrifter og kommunar i Ryfylke tettare på kvarandre, avsluttar Lauvsnes.

Dei nye nettsidene vart lanserte 6. mai 2024.


Nyheiter frå Ryfylke IKS

The post Velkommen til den nye nettsida vår! appeared first on RIKS – Ryfylke IKS.

Related posts

Leave the first comment