Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar.

Ryfylke kan skilta med store verdiar, i eit vidt omgrep. Ja, frå det menneskelege til det materielle. Men, korleis nyttar me verdiane og får meir ut av det me har? Og korleis kan me veksa? Korleis er det å veksa? Men, må alle veksa?

Det er Ryfylke IKS, Ryfylkealliansen, Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Strand kommune som inviterer til Arena Ryfylke, i samarbeid med Sparebanken Vest. Merk deg: tysdag 14. november frå kl. 09.00 til 19.30. Me startar og sluttar på Tau!

Få med deg Arena Ryfylke når me set fokus på vekst, verdiar og verdiskaping. Ingen lange og tunge foredrag, men kort, godt, interessant, humørfylt og engasjerande. I beste Arena Ryfylke-ånd! For det er ikkje farleg å ha det kjekt, sjølv om me er seriøse. Bli med på ein langdag som både gjev påfyll, moglegheit for å knyta kontaktar, bli kjent med Ryfylke og kort og godt kosa seg. Passar for dei som er opptatt av og nysgjerrig på vekst, verdiskaping og framtidstru for Ryfylke.

Pin It on Pinterest