Bonolo Ramphomane-Aandahl får Pilt-Ola prisen 2024

Ho har reist langt, blitt verande og tatt ei tydeleg rolle for å utvikla eit lokalsamfunn. Det har både ungdom, innvandrarar, gjestar og lokalbefolkning fått glede av. For Bonolo Ramphomane-Aandahl har det resultert i den gjeve Ryfylke-utmerkinga Pilt-Ola prisen 2024.   

Smilet var ikkje til å ta feil av. Heller ikkje applausen. Ein stolt og rørt Bonolo Ramphomane-Aandahl mottok Pilt-Ola prisen frå Unni Fuglestad, som er leiar i regional-, kultur- og næringsutvalet i Rogaland Fylkeskommune. Eit stappfullt Sauda klubb kunne jubla saman med Bonolo. Ein festleg dag på den årlege storsamlinga Arena Ryfylke, fekk sitt store høgdepunkt.  

Så kven er Bonolo Ramphomane-Aandahl, som har markert seg med volleyball, bad, kafésatsing og inkludering i praksis. Vel, ho voks opp i Sør-Afrika, med raseskilje som ein del av kvardagen.
– Eg budde heime hjå besteforeldra mine frå eg var fem år. Mor mi, som var freedom fighter, reiste til Oslo for å studera. Så eg såg henne ikkje før eg var ni år, fortel Bonolo Ramphomane-Aandahl.  

Sjølv om Bonolo seinare budde nokre år saman med mora i Norge, var det volleyballen som for alvor førte henne til Norge og til Suldal. Sjølv var ho landslagsspelar i volleyball for Sør-Afrika, og då passa jobben som trenar ved Toppvolley Norge på Sand som hand i hanske. Og det at ho møtte sandsbuen og fysioterapeuten Hans Åge Aandahl i forkant, gjorde at dei to flytta til same stad og til same arbeidsplass. 

Etter åtte år med utvikling av unge volleyballtalent, fekk Bonolo Ramphomane-Aandahl ansvaret for å byggja opp stab og konsept kring storsatsinga Suldal Bad på Sand. Då badeanlegget blei opna før jul i 2019, var målsettinga at 20 000 gjestar skulle bruka storstova kvart år. I 2023 var talet 50 000.
– Det var jo eit crazy prosjekt. Men, det er klart når ein svirar av så mange millionar kroner for å byggja anlegget, ja då må satsa skikkeleg også. Eg er verkeleg stolt over kva me har fått til på litle Sand, smiler Bonolo. 

Og Sand har fått glede av hennar engasjement på fleire vis. For Bonolo har hendene fulle av nye prosjekt på fritida, seint og tidleg.
– Eg vil urbanisera Sand, ler Bonolo, og legg til:
– Me må ikkje hamna der at gatene blir tomme. Folk treng stader dei kan møtast.  

Serveringsstaden «Drøs» blei opna for eit par år sidan. Ja, Drøs er både kaffibar, møteplass, har eige bakeri, kaffibrenneri og har nyleg opna overnattingskonseptet «Bed & Brønsj». Dei som jobbar på Drøs, kjem frå vel ti ulike nasjonar, i tillegg til ungdom frå Suldal. 

Det er typisk Bonolo Ramphomane-Aandahl. Involvering, inkludering og mangfald. Som det står i juryen si grunngjeving smittar begeistringa frå prisvinnaren, og løfter heile Suldal og inspirerer heile Ryfylke.   

Du kan bli betre kjent med Bonolo her: 

Juryen si grunngjeving

Meir om Pilt-Ola prisen

“Drøs” heiter koseptet, eller serveringsstaden i Gata på Sand. Ja, Bonolo Ramphomane-Aandahl sitt hjartebarn. Mat og drikke, møteplass, bakeri, kaffibrenneri og overnattingsstad i ett.

The post Bonolo Ramphomane-Aandahl får Pilt-Ola prisen 2024 appeared first on Ryfylkealliansen.

Related posts

Leave the first comment