Evaluering av sjukepleieutdanning i Ryfylke

Høge ambisjonar og gode erfaringar

Rapporten er utarbeidd av Espen Geelmuyden Rød (Ryfylke Samfunnsanalyse) og Sabine Otto-Rød (Ryfylke Prana). Den viser at studentane er gjennomgåande svært nøgde og trekkjer fram kombinasjonen av studiar, jobb og familie som avgjerande.

Praksisperiodane, særleg ved sjukehus, blir vurderte som fagleg sterke, og både studentar og praksisfeltet meiner kvaliteten er like god som på campus.

Ulik lokal tilrettelegging

Evalueringa peikar samstundes på utfordringar. Tilrettelegging frå kommunane varierer mykje – frå økonomisk støtte og permisjonsordningar til tilgang på praksisplassar. Dette påverkar gjennomføringa for studentane.

Viktige læringspunkt

Rapporten anbefaler mellom anna:

  • å innføre felles minimumsstandardar for kommunal støtte og praksis
  • å styrkje fagleg og sosial oppfølging av studentane
  • å satse på vidare- og etterutdanning lokalt for å behalde kompetansen

Betydning for regionen

Desentralisert utdanning blir løfta fram som eit effektivt verkemiddel for å sikre lokal rekruttering og byggje yrkesstoltheit i distrikta. Modellen frå Ryfylke kan dermed bli eit førebilete for andre regionar som vil satse på kompetanse nær folk.

Les heile rapporten her [lenkje til PDF].

Related posts

Leave the first comment