I eit øredøvande leven og ein god porsjon finalenerver, var det Finnøy skule som vann jubileumsquiz-finalen onsdag. Laget kjempa heile vegen med Tryggheim Strand om førsteplassen, men drog akkurat nok i frå på slutten. Det betyr at laget TIA, med Torjus Spanne, Ingrid Ildstad og Anne Reilstad klarte å kopiera bragden til fjorårets åttande klassingar på Finnøy. For nå har skulen i øyriket to sigrar på rad.
Tryggheim Strand enda då på andre plass. William Repstad Spanne, Elias Dyvik Valheim, Theo Johan Konradsen var godt nøgde med topplassering og pengepremiar, noko som det også såg ut til at suldalslaget frå Sand skule var. Jakob Nessa, Amund Hiim Havrevoll, Noah Parelius Moe Lindseth sikra seg ein solid tredjeplass.
Ryfylkequizen blei arrangert for tiande året på rad. Maren Apeland Breiland i Rogaland Sparebank delte nøgd ut sjekkar til dei tre beste laga, og premiar til samtlege finalelag.
Finalesendinga frå Finnøy Fleirbrukshall kan du sjå i sin heilskap her:
Møt vinnarane i eit ekslusivt intervju her:


