Ho er ikkje redd for å gripa sjansar, gjera feil eller for å gå for plan B eller C. – Om ei dør blir lukka, kan ei anna bli opna. Eg meiner, så lenge det er gøy, why not? Bonolo Ramphomane-Aandahl frå Sør-Afrika og Sand ler høgt, satsar stort og har eit brennande ønske om å skapa meir liv i Ryfylke. Høyr hennar nesten uverkelege reise i podcasten På Ekta.
Bonolo voks opp med raseskilje og avgrensa moglegheiter i millionbyen Johannesburg. På snodig vis har ho hamna i vesle Suldal, der ho har tatt ein tydeleg posisjon for å gjera Sand til ein meir urban tettstad. Det gjer ho med kafeen Drøs, som er eit fargesprakande strengespel av smakar, opplevingar og nettopp … drøs.
Ho meiner hennar forteljing på mange måtar er ei solskinshistorie, med tanke på reisa frå andre sida av kloden og til skattkammeret Suldal. Likevel skulle ho ønskt at ryfylkingen og nordmenn kunne lært litt av sør-afrikansk varme, takksemd og måten ein pratar med kvarandre på.
– Det står jo stille her, om ein samanliknar med der eg kjem for. Men, det er godt og trygt i Suldal, slår Bonolo Ramphomane-Aandahl fast.
Bonolo budde hjå besteforeldra frå ho var fire til åtte år. Mor studerte i Norge, på andre sida av verda. Far såg ho ikkje noko til. – Besteforeldra mine la til rette for at utdanning var viktig, og at det var mogleg å kjempa seg fram. Etter kvart blei også Sør-Afrika eit land med håp og moglegheiter. Dei har eg gripe, fortel Bonolo, som sjølv kan visa til kåringa «Sportswoman of the Year» i Sør-Afrikansk volleyball, faktisk tre gonger. – Men, det var likevel endå større då eg vann Pilt-Ola prisen i Ryfylke i fjor. For då såg folk alt strevet som ligg bak det me har gjort med Drøs, seier Bonolo.
Til dagleg er ho leiar for Suldal Bad, og bruker fritidsengasjementet på konseptet Drøs, som ikkje minst er ein stad der folk frå andre land får jobba. – Eg brenn for mangfald og inkludering. Og skal me få ungdomen heim, treng me også noko som er meir urbant og internasjonalt, legg ho til.
Bli kjent med Bonolo sitt fargerike og spennande liv, frå oppvekst i Sør-Afrika, fridom i Norge, disiplin og spisse olbogar i Sør-Afrika igjen, og ein ukjent mann frå Sand, som kom «usett» på date til Johannesburg. Det medførte ei total endring i Bonolo sitt liv.
Podcasten På Ekta høyrer du på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no
