Ingrid Roth er ny dagleg leiar i Ryfylke IKS

Roth har tidlegare hatt leiande stillingar som avdelingsleiar i Attende AS, dagleg leiar i Jæren Produktutvikling og Ryfylke Vekst, samt næringssjef i Time kommune. Ho har også erfaring frå prosjektleiing og rådgjeving hjå Statsforvalteren i Rogaland og har drive sitt eige selskap innan coaching og rådgjeving.

– Med solid bakgrunn innan strategisk planlegging, relasjonsbygging og gjennomføring av komplekse prosjekt, har Ingrid vist seg som ein dyktig leiar med stor entusiasme for å utvikle både organisasjonar og regionar, seier rådsordførar Irene Heng Lauvsnes.

I tillegg til brei arbeidserfaring har ho høgare utdanning innan prosjektleiing og økonomi, og ho er sertifisert NLP-coach. Ho brenn for å skape positive resultat gjennom samarbeid mellom offentleg forvaltning og privat næringsliv.

– Det er med stor entusiasme og motivasjon at eg no tek fatt på rolla som ny dagleg leiar for Ryfylke IKS. Med eit sterkt fokus på samfunnsutvikling, næringsutvikling, busetting og utdanning, ser eg fram til å bidra til viktige arbeidet til organisasjonen  for å vidareutvikla eit berekraftig Ryfylke, seier Roth.

Ho ønskjer å jobbe målretta for å skapa løysingar som gir innbyggjarar, næringsliv og samarbeidspartnarar i Ryfylke auka moglegheiter og innovasjon.

– Me skal byggja vidare på det arbeidet som allereie er lagt ned i Ryfylke IKS, samtidig som me utforskar nye moglegheiter for samarbeid og utvikling. Eg gler meg til å læra endå meir om regionen, samarbeida med eksisterande aktørar og vera ein pådrivar for positiv endring, seier Roth.

Ho vil tiltre stillinga etter nærare avtale, innan 1.april 2024. Ho tek over etter Wictor Juul, som er konstituert leiar.


Nyheiter frå Ryfylke IKS

The post Ingrid Roth er ny dagleg leiar i Ryfylke IKS appeared first on RIKS – Ryfylke IKS.

Related posts

Leave the first comment