– Då eg såg utlysinga, kjende eg berre: Denne må eg søke på! Eg har alltid hatt hjartet mitt i Ryfylke, sjølv om eg har budd og jobba andre stader. No får eg vere med og gi noko tilbake, seier Janet.
Erfaring frå internasjonal marknadsføring
Janet har arbeidd med digital marknadsføring i ei årrekkje. Dei siste seks åra har ho vore marknadssjef i Podbike, der ho har hatt ansvar for strategi, merkevarebygging og lansering av produkt internasjonalt. Før det har ho vore konsulent for ulike bedrifter og nettbutikkar.
Ho tok mastergrad i digital marknadsføring i England – som den første i Noreg.
– Den gongen var digital marknadsføring eit nytt felt, og eg vart heilt hekta. Eg likar godt korleis teknologi kan endre måten vi kommuniserer og skaper relasjonar på, fortel ho.
– Ryfylke er heime
For Janet handlar ikkje berre jobben om strategi og kommunikasjon – men om røter.
– Ryfylke er heime for meg. Det er her eg har lært verdien av fellesskap, samarbeid og skaparglede. Å få arbeide på Hjelmeland, med utsikt til fjorden og barndomsminne, betyr mykje.
Samtidig ser ho at Ryfylke har eit stort potensial som region:
– Me har naturen, arbeidsplassar, kultur og gode lokalsamfunn. Men vi må bli flinkare til å vise det fram – både for oss sjølve og for dei som står på utsida og vurderer kvar dei vil bu.
Skal byggje stoltheit og tilhøyrsle
Heim te Ryfylke handlar om å få fleire til å velje Ryfylke – å flytte heim, bli buande eller oppdage regionen for første gong.
– Prosjektet skal skape ei felles forteljing. Vi vil styrke stolta, samhaldet og kjensla av at Ryfylke er ein stad full av moglegheiter – ikkje berre vakker natur.
Ho peikar på at samarbeidet er nøkkelen:
– Den største utfordringa – og moglegheita – er å samle kommunar, næringsliv og ungdom om same retning. Når vi får det til, kan vi skape endring som varer.
Vil lytte og bli kjent med folk
No i starten reiser ho rundt og møter folk frå heile regionen.
– Eg vil lytte. Kva drøymer vi om for Ryfylke? Kva treng vi? Kva engasjerer? Først når vi forstår kvarandre, kan vi forme retninga vidare.
Ho ønskjer å bruke digitale kanalar og ekte historier for å løfte fram kvardagen i Ryfylke:
– Dei som bur her, er dei som best kan vise fram kva Ryfylke er. Eg trur på krafta i levande forteljingar.
Ser fram til å invitere fleire “heim”
Når ho treng ny energi, finn ho han ute – i båt, i fjellet eller langs fjorden.
– Heim-te-Ryfylke-kjensla kjem alltid når eg står på ferjekaien og kjenner lukta av sjøen. Då fell alt på plass.
Om eit år håpar ho at fleire kjenner den same kjensla:
– Eg håpar folk seier at me har skapt optimisme, samhald og stoltheit. At fleire ser på Ryfylke som ein stad ein kan leve, skape og høyre til. Det er målet.



