Nytt ungdomsstyre i Ryfylke

Case-oppgåver og val av leiar og nestleiar stod blant anna på agendaen 7. juni når styret vart konstituert. Det blei sett fram to framlegg som leiar – Anne Bratthammer (Strand kommune) og Peder Krokedal (Hjelmeland kommune). Anne Bratthammer vart vald til leiar og Peder Krokedal til nestleiar.

Formål med regionalt ungdomsstyre

I 2022 sette Ryfylkerådet ned eit utval av unge frå Ryfylke-kommunane som skulle gi innspel til kva som kan gjerast for at regionen blir ein god stad for dei unge å bu og arbeida. Tilrådingane frå ungdomsutvalet danna grunnlaget til diskusjonen under første styremøtet 7. juni.

Ungdomsstyret skal fungera som talerøyret til ungdommane overfor politikarar i Ryfylke og dei har rett til å uttala seg i alle saker som gjeld ungdom i Ryfylkerådet. Det er berre ungdom sjølv som veit kva ungdom meiner om ulike saker. Det er derfor viktig at ungdom ikkje blir representert gjennom andre, men snakkar for seg og sine saker. Styret skal også ha ein eigen handlingsplan med eigne saker som dei jobbar for i regionen.

Program 7. juni

For at medlemmane skulle bli kjent med kvarandre, gjekk dei saman to og to og intervjua kvarandre. Deretter presenterte dei den andre for resten av styret. Leiar i Ungdommens Fylkesråd (UFR), Sumeja Ohran hadde innlegg om kva UFR arbeida med. Vidare vart medlemmane delt inn i grupper og jobba med reelle case-oppgåver som omhandla etablering av møteplass for ungdom, utvikling av sommarjobben.no og etablering av eigen kommunikasjonsplattform for ungdom.

Ungdomsstyret i Ryfylke 2024 – 2026

Ungdomsstyret i Ryfylke består av ti medlemmar, to frå kvar av kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes. Her finn du meir informasjon om medlemsoversikt, møteplan og møteprotokoll til ungdomsstyret i Ryfylke. Ungdomsstyret følgjer den politiske møtekalenderen til Ryfylkerådet, og vil gi innspela sine i forkant av dei ulike politiske møta.

Arbeidsutvalet skal leggja fram forslag til handlingsplan og økonomi for ungdomsstyret sitt arbeid til neste møte 6. september.


Nyheiter frå Ryfylke IKS

The post Nytt ungdomsstyre i Ryfylke appeared first on RIKS – Ryfylke IKS.

Related posts

Leave the first comment