Oppstart av ny fagskuleutdanning

Grønt mangesysleri og entreprenørskap, som gir 60 studiepoeng, er samlingsbasert og blir gjennomført i Ryfylke. Målet er å styrkja kompetansen innan berekraftig utvikling, nyskaping og entreprenørskap, med hovudfokus på landbruk og andre grøne sektorar.

Første samling gjekk over tre dagar på Mo Laksegård i Suldal, der bedriftsøkonomi og leiing stod på agendaen. Desse emnet skal leggja grunnlaget for vidare utvikling av forretningsideane som studentane skal arbeide med gjennom studieløpet.

I løpet av studieløpet vil studentane samlast på ulike stader og fordjupa seg i eit brett spekter av tema – innan entreprenørskap, foredling og marknadsføring. Målet er å gje studentane verktøy til å etablera og drifta berekraftige og lønsame verksemder som kan bidra til både lokal og nasjonal utvikling.

Informasjon om “Grønt mangesysleri og entreprenørskap”


Nyheiter frå Ryfylke IKS

Related posts

Leave the first comment