Ryfylke har fått nye sjukepleiarar

Hausten 2022 starta fleire forventningsfulle studentar på den fleksible og distriktsvenlege sjukepleiarutdanninga i Ryfylke. Utdanninga er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger (UiS), Ryfylke IKS og kommunane i Ryfylke.

Onsdag 19.juni blei fullført utdanning markert med ei høgtideleg avslutning i lokala til Smaken av Ryfylke på Hjelmeland.

Prosjektleiar Marie Undheim, leia markeringa, som inneheldt både talar, helsingar og flotte musikkinnslag. Studieprogramleiar Torunn Strømme, representantar frå Ryfylke IKS og fleire kommunar frå Ryfylke heldt helsingar til studentane. Prorektor ved UiS, Bjørg Oftedal, stod for festtalen. Det blei sagt mykje fint om studentane, som no går ut i arbeidslivet som ferdigutdanna og etterlengta sjukepleiarar i Ryfylke.

Studentane sjølve fortalde at studietida har vore krevjande, med mykje hardt arbeid og ei balansegang mellom studiar, familie, jobb og fritid.

Vi gratulerer med fullført utdanning og ønskjer dei lukke til i yrkeslivet. Som Bjørg Oftedal avslutta talen sin med: GOD VAKT!

Related posts

Leave the first comment