RYFYLKE IKS
RYFYLKE IKS
Ryfylke IKS er samarbeidsrådet for fem av kommunane i Ryfylke. Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes har eit pliktande samarbeid som skal løfta og utvikla Ryfylke på mange plan. Det kan vera alt frå arbeid om kraftkrevjande industri til samferdselsprosjekt.
Om Ryfylke IKS
Selskapet driv verksemda dels i eigen regi, dels som tilretteleggar for andre både offentlege og private verksemder.
Ryfylkerådet – ordførarane og rådmennene i eigarkommunane – er selskapets operative eigarar. Styret sørgjer for forsvarleg drift av selskapet og fører tilsyn med dagleg leiar. Kontoret ligg i dag på Hjelmeland, og har 2 tilsette pluss prosjektmedarbeiderar. Administrasjonsmålet er nynorsk.
Kontakt
Dagleg leiar i Ryfylke IKS er Øyvind Lundbakk
E-post: oyvind.lundbakk@ryfylkeiks.no
Telefon: 990 09 965
Vedtekter
Føremål og føresetnader: Ryfylke IKS er eit interkommunalt selskap, oppretta med heimel i lov om interkommunale selskap av 29.1.1999 nr. 6, med kommunane Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Sauda som deltakarar. Etter kommunereforma har delar av Forsand gått inn i Sandnes kommune, som nå er med i samarbeidet. Andre kommunar har høve til å søkja medlemskap.
Føremålet med selskapet er å styrkja regionen gjennom større grad av interkommunalt samarbeid med hovudvekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsprosjekt. Selskapet kan driva si verksemd dels i eigen regi og dels fungera som tilretteleggar for andre både offentlege og private verksemder. Samarbeidet skal leggja til grunn deltaking frå likeverdige partar og skal vera eit supplement og ei støtte til kommunane si eiga verksemd.
Selskapet kan òg inngå samarbeidsavtalar med kommunar, andre selskap og verksemder. Selskapet sitt administrasjonsmål er nynorsk.
Kontorstad er på Hjelmeland.
ANDRE KONTAKTPERSONAR
Asbjørn Birkeland
Rådsordfører Ryfylkerådet
Ordførar i Sauda
Kristoffer Amdal
Styreleiar Ryfylke IKS
Geir Ims
Regionsutviklar
Reidun Sandvik
Prosjektleiar kompetanse
95171044 / reidun@ryfylkeiks.no
Einar Schibevaag
Prosjektleiar kompetanse
91308972 / einar@ryfylkeiks.no
Ketil Barkved
I permisjon
Rymi (Ryfylke Miljøverk Iks)
Ryfylke Miljøverk IKS
Geir Ims
Aktuelt frå Ryfylke IKS
– Me vil bli fleire og yngre!
Ja, det er overskrifta når me inviterer til den årlege storsamlinga Arena Ryfylke onsdag 9. november. Denne gongen på Jelsa i Suldal kommune. Fokus er på nærings- og bustadattraktivitet i Ryfylke, og programmet er både omfattande, variert, spennande og artig. Det er...
Vil du hjelpe et barn som har det vanskelig nå? Digitalt infomøte 15. desember.
Akkurat nå er det åtte barn som trenger fosterhjem i sitt nærområde her i Strand, Hjelmeland og Forsand. Sammen med Fosterhjemstjenesten leter vi etter noen som kan åpne hjertet og hjemmet sitt for dem. Bli med i digitalt infomøte 15 desember, eller infomøte på Strand 27 januar.
Fryktar straummangel for industrien
Det kan bli vanskeleg for straumkrevande bedrifter å etablera seg i Ryfylke i framtida. Allereie i dag er kapasiteten kritisk enkelte stader. Regionutviklar i Ryfylke IKS, Ketil Barkved, meiner det er på høg tid at politikarane vaknar. Les heile saka på...
Møte om kraftkrevande industri 30 august 2018
Fredag 30. august inviterte Rogaland fylkeskommune, Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Ryfylke IKS til møte om verdiskapning på den grøne krafta vår. Dei omlag 100 deltakerane fekk høyra korleis ein i fellesskap kan rigga seg for å bli ein leiande region...