Ryfylkekonferansen 2025 samla heile regionen

Temaet for samlinga var Berekraftig næringsutvikling i Ryfylke. Konferansen blei for første gong arrangert som eit felles løft mellom Arena Ryfylke og MOR-konferansen. Bak konferansen stod Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen, saman med gode støttespelarar i regionen.

Dag 1: Fjordtur og fellesskap

Deltakarane starta på den elektriske hurtigbåten Rygerelektra som gjekk ut i Lysefjorden. Undervegs var det stopp hos blant anna Norsk Spennbetong og Flørli.

Her fekk deltakarane sjå korleis ulike aktørar i Ryfylke jobbar kvar dag for å skapa aktivitet, arbeidsplassar og møteplassar.

Kvelden vart avslutta på Lysefjordsenteret med festmiddag levert av Ryfylkekokken, og utdeling av Pilt-Ola-prisen.

Vinnar 2025: Karen Malena Kyllesø frå Årdal. Ho blei den yngste i verda til å nå Sørpolen åleine – etter seks år med trening og førebuing. Ho blei heidra for mot, målbevisstheit og vilje til å gå eigne vegar.

Dag 2: Kunnskap og samarbeid

Torsdagen løfta fram samarbeid om kompetanse og rekruttering.

  • Andrea Hebnes Tobekk fortalte om nokre av prosjekta til Ryfylke IKS – RyRekrutt, Heim te Ryfylke og Trainee Ryfylke blei presentert som døme på korleis ungdom, næringsliv og kommunar kan byggja framtida i lag.
  • Strand vidaregåande skule og Comrod synte korleis opplæring og arbeidsliv kan møtast i praksis.
  • Christine Sagen Helgø (NHO) og Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim (UiS) delte tankar om korleis Ryfylke må stå samla for å sikre kompetanse og utvikling i åra som kjem.

Ryfylkeprofilen 2025

Ryfylkeprofilen 2025 gjekk til Næringshagen i Ryfylke.

Næringshagen blei løfta fram som ein samlande kraft i regionen – ein aktør som står tett på bedriftene, støttar gründerar og bidreg på store og små møteplassar i Ryfylke.

Saman for framtida

Heile konferansen var planlagt med fokus på miljøvennleg transport og felles løysingar – eit konkret døme på at berekraft og samarbeid går hand i hand.

– Når me står samla, skjer det noko heilt spesielt. Ryfylke er ein liten region med store ambisjonar – men for å få gjennomslag, må me dra i same retning. Me driv mykje påverknadsarbeid og er heilt avhengige av at kommunar, næringsliv og organisasjonar står skulder ved skulder. Det er slik me får ting til å skje, seier Ingrid Roth, dagleg leiar i Ryfylke IKS.

Related posts

Leave the first comment