Ryfylkequiz

Ryfylkequiz

For fjerde året på rad var det quiz for 8. klassingane i Ryfylke. Og nytt av året var at det også var quiz for dei som går på vidaregåande!

Kvar vår dei siste åra har Ryfylkealliansen reist rundt til dei ulike ungdomsskulane i Ryfylke med mål om å læra 8. klassingane om Ryfylke. Om historia til Ryfylkeregionen, geografi, kultur, politikk, identitet og så vidare. Og så har me testa ungdommane ved hjelp av quiz etterpå. Først på kvar skule, og så i ein stor ryfylkefinale der kvar skule er representert med eit lag på tre elevar.
Og jammen kan dei mykje, 8. klassingane! 
Hjelmeland Sparebank er med på laget, og deler ut pengepremiar til dei tre beste laga. 
I år var det fjerde året at ryfylkequizen blir arrangert. Og i år utvida me også til quiz for dei som går på Strand vidaregåande skule.

 

2. runde – vel overstått!

Då har alle 8. klassingane vore gjennom 2. runde av ryfylkequiz, og det er kåra eit vinnarlag per skule. Og jammen er kunnskapsnivået om Ryfylke høgt! Og sjølv om lærarane også har eit lag på kvar skule (sjølv om dei ikkje er med i konkurransen), så var det ingen av...

1. runde – Informasjon: Check

Då har Tor Øyvind og Svanhild vore rundt på alle ungdomsskulane i Ryfylke, frå Forsand i sør til Sauda i nord. Alle elevane i 8. klasse har fått innføring i Ryfylke si historie, frå for 10.000 år sidan og fram til i dag, samt eit innblikk i korleis Ryfylke ser ut i...

Dei første tre skulane har hatt besøk

Tau, Hjelmeland og Finnøy sine 8. klassingar har no fått innføring i Ryfylke si historie, og om korleis Ryfylke ser ut i dag. Lynquizvinnarane fekk sine fortente medaljar. No er det berre å leggja seg i hardtrening til quizen i mars/april! Ida, Helene og Anna vant...

Då er me i gong!

Første runde, der me reiser rundt og fortel om Ryfylke si historie og Ryfylke i dag, blei sparka i gong på Tau og på Hjelmeland i går. Me gler oss til vidare turné, både denne runden, og neste runde i mars/april. Då blir det quiz for alle penga!...

Hjelmeland vant i 2018

Kven vinn i år? Ryfylkequizen blei arrangert første gong i 2016, på Sand i Suldal. Då tok Suldal seieren på heimebane. Året etter, i 2017 var det tre 8. klassingar frå Tau som gjekk til topps, i Sauda. Og i fjor var det altså Hjelmeland som var best. Då var finalen på...

Pin It on Pinterest