Ryfylkingar tilfredse med livet og ser lyst på framtida

Folk i Ryfylke har det betre enn dei fleste. Det står faktisk svart på kvitt. Ryfylkepuls har møtt ryfylkingar, som slår fast at forskarane har rett.

Folkehelseinstituttet (FHI) lanserte nyleg ei undersøking, som slår fast at Ryfylke skil seg ut med lite psykiske plagar, høg sosial støtte og lite einsemd. Ja, folk i Ryfylke er generelt meir tilfredse med livet, har tillit til andre og innbyggjarane opplever dei har meiningsfulle liv. I denne utgåva av Ryfylkepuls møter me både tilfredse ryfylkingar og seniorforskar Leif Edvard Aarø i FHI. Han viser til undersøkinga og fortel at Ryfylke skil seg ut frå andre regionar, og skilnadane er markante.

Kva er det som gjer at me trivest så godt i regionen vår? Ryfylkingen sjølv, har dei gode svar? Bli med til «lykkeland» og øyane Helgøy og Fogn. Her er det stor semje om at naturen og folka har mykje å bety for deira trivsel. Else Marie Grødem (bilete over) flytta til Fogn for fem år sidan, og har ikkje angra. Me har også møtt folk frå andre stader i Ryfylke, som glade og nøgde kunna seia seg seia seg einige i resultata i rapporten. Det var til og med ein trønder som ville uttala seg om høg trivsel – og han kunne innrømma at han har falle for Ryfylke! Det er ikkje verst …

Skal me då drista oss til å slå fast at dei mest lukkelege i Rogaland, finn du i Ryfylke? Sjå Ryfylkepuls og la deg bli smitta av all positiviteten! Sendinga ser du her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no Og har du lyst på sommarlektyre, finn du FHI sin rapport her: Folkehelseundersøkelsen i Rogaland 2023: Fremgangsmåte og utvalgte resultater (fhi.no)

Leif Edvard Aarø i FHI slår klart fast at folk i Ryfylke er meir tilfreds med livet enn folk flest

The post Ryfylkingar tilfredse med livet og ser lyst på framtida appeared first on Ryfylkealliansen.

Related posts