Kva skjer når ein samlar 60 representantar frå arbeidslivet og vel 300 ungdomar på éin og same plass? Jo, RyRekrutt! Eit arrangement tilrettelagt for nettopp studentar og næringsliv til å bli kjent med kvarandre og visa kva dei har å by på.
For det var det som var formålet med arrangementet, då Ungdomsstyret i Ryfylke valde å setja i gang arbeidet med å planlegga og gjennomføra RyRekrutt. Dei ville at ungdomar som bur i Ryfylke eller er flytta vekk grunna studium, kan få sjå kva jobbmoglegheiter det er å koma heim til. Korleis kjem ein i kontakt med dei ulike bedriftene? Og kva er det ungdomane studerer rundt forbi? Har dei innspel til dei ulike bedriftene om rekruttering? Spørsmåla var mange, og engasjementet stort under det aller første RyRekrutt på Fiskepiren i Stavanger tysdagen i påskeveka. Sjølvsagt var Ryfylkepuls med på moroa!
Ordførar i Strand kommune, Irene Heng Lauvsnes, var til stades under RyRekrutt, og meiner at det ikkje vil mangla penger i framtida. Det vil derimot mangla folk til arbeidet. Ho utfordrar bedriftene på å kjenna si besøkingstid og få tak i dei gode folka. Ungdomane verka nøgde med arrangementet og enkelte blei også overraska over bedriftsbesøka. Dei opplevde at bedriftene verkeleg var på og til stades for å presentera det dei held på med. I prat med ulike bedrifter frå Ryfylke var det ingen tvil om at dei syntest dette var ein stor moglegheit for dei til å treffa ungdomane og fortelja dei om alt næringslivet i Ryfylke har å by på. Det er eit spennande utval av bedrifter og arbeidsstillingar, og kanskje er det også slik at næringslivet heller ikkje veit heilt kva dei treng? At ryfylkeungdom kan koma heim igjen og vera med på utvikling av ei ny stilling? Tida vil visa!
Fiskepiren var full av god, velsmakande ryfylkemat levert av DRØS frå Suldal, Smaken av Ryfylke i Hjelmeland og Alfred frå Sauda. Inspirerande intervju frå scenen, Kahoot leia av konferansier Veronica Simoné Fjeld, og mange gåver frå bedriftene på stands. Kvelden blei avslutta med konsert av TØFL og Isah. Dei 200 første ungdomane som meldte seg på RyRekrutt fekk dessutan gratis overnatting med Radisson Blu Hotel i Stavanger. Dette er vel alt slik som ungdomen likar!
Så då står me igjen og lurar på: Var det eit vellukka arrangement? Etter tilbakemeldingar frå ungdomar og bedrifter å bedøma; heilt klart! Me har i denne sendinga prøvd å gje eit innblikk i RyRekrutt, og sendinga ser du her: Ryfylkepuls – Sjå siste sending her – ryfylkealliansen.no

