Åleine med eigne tankar

[et_pb_section fb_built=”1″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” custom_padding=”0px||10px|||” global_colors_info=”{}” custom_margin=”-60px|||||”][et_pb_row _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_column type=”4_4″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_text _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”]

Mange vil kalla det galskap. Ja, både å kryssa Grønland som 14-åring, men ikkje minst å gå åleine til Sørpolen når du er 21 år. Karen Kyllesø frå Årdal i Ryfylke har nå verdsrekorden i å vera den yngste som har gått åleine til Sørpolen. Var ho redd undervegs? Absolutt. Ikkje minst då det var dårleg føre og motbør i starten. Då måtte ho rekna om både på tal kilometer til dagen og kor mykje mat ho kunne eta. Høyr den eventyrlege historia i podcasten På Ekta.

– Kven er største polfararen av Roald Amundsen og Karen Kyllesø, lurer Tor Øyvind Skeiseid på i intervjuet.
– Amundsen. Han var først, svarar Karen Kyllesø kontant.
– Men, han hadde fleire med seg. Du var åleine, påpeikar Tor Øyvind tilbake, men får ikkje Karen til å bruka større ord om seg sjølv.
For Karen Kyllesø er opptatt av å følgja draumane sine og kjenna på meistring. Og nettopp det vil ho inspirera andre til å gjera, utan at dei må plent må gå til Sørpolen for å oppleva meistringskjensle.

13. januar i år kom altså Karen Kyllesø fram til Sørpolen, etter 54 døgn åleine på ski i Antarktis. Ho hadde mål om 50 dagar og mat for 55 dagar. Det måtte justeringar til undervegs, og du får høyra frå Karen si utruleg reise i den nyaste utgåva av Ryfylkealliansen sin podcast. Reisa starta då Karen var tre år, og ho kjende meistringsglede av å vera med far Håkon på fisketur. Etter den tid har ho stort sett tatt nye steg utandørs. Eit døme er ein Grønlandstur i niande klasse, som gjorde at ho måtte ta ein forseinka konfirmasjonsfest. Og deretter blei det seks år med planlegging for å gå åleine i Antarktis.

Bli kjent med drøymaren og eventyraren Karen Kyllesø, og høyr om frykt, spenning, glede, uro, tomheit, pågangsmot og rasjonelle vurderingar. Men, om ho vil oppmoda eventuelle eigne ungar til å gå til Sørpolen åleine? Det spørs.

Podcasten På Ekta høyrer du på Spotify og andre kanalar – sjå meir her: Podcasten: På Ekta – Ekta historier frå Ryfylke – ryfylkealliansen.no

[/et_pb_text][et_pb_button button_url=”https://ryfylkealliansen.no/podcasten-pa-ekta/” button_text=”Høyr podcasten her” _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][/et_pb_button][/et_pb_column][/et_pb_row][et_pb_row column_structure=”1_3,1_3,1_3″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” hover_enabled=”0″ global_colors_info=”{}” sticky_enabled=”0″ custom_margin=”|auto|-18px|auto||”][et_pb_column type=”1_3″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_image src=”https://ryfylkealliansen.no/wp-content/uploads/2025/02/IMG_8016-scaled.jpeg” title_text=”IMG_8016″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][/et_pb_image][et_pb_text _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” custom_margin=”-16px|||||” global_colors_info=”{}”]

Foto: Privat

[/et_pb_text][/et_pb_column][et_pb_column type=”1_3″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_image src=”https://ryfylkealliansen.no/wp-content/uploads/2025/02/image00010-scaled.jpeg” title_text=”image00010″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” min_height=”210px” height=”113px” hover_enabled=”0″ global_colors_info=”{}” sticky_enabled=”0″ align=”center”][/et_pb_image][/et_pb_column][et_pb_column type=”1_3″ _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” global_colors_info=”{}”][et_pb_image src=”https://ryfylkealliansen.no/wp-content/uploads/2025/02/Karen-med-pulk-scaled.jpg” _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” title_text=”Karen med pulk” hover_enabled=”0″ sticky_enabled=”0″ height=”208px” custom_margin=”||8px|||”][/et_pb_image][et_pb_text _builder_version=”4.27.4″ _module_preset=”default” hover_enabled=”0″ sticky_enabled=”0″]

Foto: Privat

[/et_pb_text][/et_pb_column][/et_pb_row][/et_pb_section]

Related posts

Leave the first comment