Ryfylke IKS har vedteke ein ny strategi for perioden 2026–2031. Strategien vart samrøystes vedtatt av representantskapet 27. oktober, og viser korleis me som regional utviklingsaktør skal bidra til at Ryfylke skal vere ein god region å bu, lære og arbeide i – i dag og i framtida.
Visjon og rolle
Vår visjon er at Ryfylke skal vere ein region med framtidstru, utviklingsvilje og sterke fellesskap.
Ryfylke IKS skal vere ein tilretteleggjar, pådrivar og brubyggjar som jobbar i tett samarbeid med kommunar, næringsliv og lokalsamfunn.
Våre verdiar
Vi arbeider etter verdiane:
- Framtidsretta
- Truverdige
- Inkluderande
Desse skal prege korleis vi samarbeider, kommuniserer og prioriterer.
Prioriterte satsingar 2026–2031
Strategien peikar ut tre hovudsatsingsområde:
1. Næringsarbeid
Vi vil styrkje grunnlaget for verdiskaping gjennom næringsareal, grøn omstilling, entreprenørskap og gode nettverk.
2. Rekruttering og kompetanse
Vi skal bidra til at fleire vil arbeide og etablere seg i Ryfylke, og styrkje samspel mellom skule, arbeidsliv og unge.
3. Mobilitet
Vi vil støtte tiltak som gjer det enklare å pendle, reise og transportere varer – både internt i regionen og ut av regionen.
Overgripande innsatsområde
- Berekraft og samarbeid ligg til grunn for alt vi gjer.
- Kommunikasjon og posisjonering skal styrkje Ryfylke si stemme regionalt og nasjonalt.
Eit felles løft for Ryfylke
– Strategien handlar om å sjå heile regionen samla. Ryfylke har store moglegheiter, og når kommunar, næringsliv og innbyggjarar jobbar i lag, skjer det noko. Då flyttar vi grensene for kva som er mogleg, seier Ingrid Roth, dagleg leiar i Ryfylke IKS.
Les strategien
Du kan lese heile strategien her:
Strategi for Ryfylke IKS 2026–2031 (PDF)



