Ungdom i Ryfylke får gratis ungdomskort frå 1.april

feb 23, 2024 | Framside, Nyhende

Ryfylkepuls har tatt pulsen blant Ryfylkeungdomen – kva synes dei om ordninga med gratis ungdomskort som snart skal tre i kraft? Vil det gjera at dei reiser meir? Er dette eit godt lokkemiddel for å få ungdom til å bu og studera i Ryfylke?

Ein av dei me tok ein prat med, er Julie frå Tau. Ho studerer på UiS og pendlar med buss. Julie kjem med ei oppfordring om at ordninga gjeld for ungdom til og med 25 år, og dette hadde ho gode argumenter for.

Me har også snakka med dei som har vore med og bestemt at ungdomane skal få gratis ungdomskort, samt nokon som har prøvd ordninga før. Og så, kva synest eigentleg ungdomane på Finnøy i Stavanger kommune om at dei ikkje får vera med på dette? For dei har allerede prøvd ei slik gratisordning då deira kommune hadde gratis kollektivreiser for alle innbyggjarane.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This