Ungdomsstyret i Ryfylke gir stafettpinnen vidare

Eit styre for ungdom i heile Ryfylke

Då ungdomsstyret i Ryfylke vart etablert i 2024, var målet å skapa ein felles arena der ungdom frå heile regionen kunne samarbeida om saker som er viktige for unge. Gjennom representantar frå Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand og Sandnes har styret vore med på å styrkja ungdomsmedverknaden i Ryfylke og løfta fram ungdom sine interesser på tvers av kommunegrensene.

I løpet av perioden har styret arbeidd med ei rekke saker knytt til det å vera ung i Ryfylke. Dei har gitt innspel til regionale satsingar, jobba for betre møteplassar for ungdom og vore med på å skapa aktivitetar og prosjekt som skal gjera Ryfylke til ein attraktiv stad å bu, studera og arbeida.

RyRekrutt og ungdomsprosjekta

Eit av dei største prosjekta deira i perioden har vore RyRekrutt. Gjennom arrangementet har ungdomsstyret vore med på å leggja til rette for møte mellom ungdom og arbeidslivet i Ryfylke, samstundes som dei har skapt ein sosial møteplass der unge kan byggja nettverk og få auka kjennskap til moglegheitene som finst i regionen.

– Ungdomsstyret har vist kor viktig det er å involvera ungdom i utviklinga av regionen. Dei har kome med gode innspel, utfordra oss på viktige spørsmål og vore med på å skapa prosjekt som betyr noko for unge i Ryfylke, seier prosjektleiar Andrea Hebnes Tobekk.

Takk for innsatsen

Ryfylke IKS vil retta ein stor takk til alle medlemmane som har brukt tid og engasjement på arbeidet dei siste to åra. Gjennom innsatsen sin har dei vore med på å leggja grunnlaget for vidare ungdomssatsing i regionen og vist kor mykje som kan oppnåast når ungdom får vera med og påverka.

Arbeidet held fram

Etter sommaren tek eit nytt ungdomsstyre over stafettpinnen. Dei skal byggja vidare på arbeidet som er gjort, følgja opp eksisterande prosjekt og koma med nye idéar og initiativ som kan gjera Ryfylke endå betre for ungdom.

Me ser fram til å følgja arbeidet deira og halda fram med å gje ungdom ei sterk stemme i utviklinga av regionen.

Medlemma i ungdomsstyret i Ryfylke

Sauda kommune
Eivind Hustveit (medlem)
Maja Kristin Janson Jordal (vara)
Ingrid Fatnes (medlem)
Martine Hocking (vara)

Suldal kommune
Arin Eiriksønn (medlem)
Nora Østebø (vara)
Johan Kilane (vara)

Hjelmeland kommune
Elise Sværen Oaland (medlem)
Øyvind Opdahl Viga (vara)
Peder Krokedal (nestleiar)
Marte Hovda (vara)

Strand kommune
Anne Bratthammer (leiar)
Gabriel Havrevold (vara)
Joel Nag (medlem)
Malene Hatteland (vara)

Sandnes kommune
Tiril Espedal (medlem)
Brede Krogedal (vara)

Vil du lesa meir om ungdomsstyret i Ryfylke og arbeidet dei har gjort? Besøk ungdomssida vår

Related posts

Leave the first comment