Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. 

Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om Ryfylke. Dei har lese pensum, testa kvarandre og laga eigne kahootar i klassen. At dei har jobba godt, viste seg i eit skyhøgt nivå i skulefinalane. Me er skikkeleg imponert av elevane og gler oss stort til den store finalen. Deltakarane var engasjerte og vinnarlaga kunne ikkje koma raskt nok i gang med vidare øving. At det er stort konkurranseinstinkt blant elevane, og at det betyr mykje å koma vidare, er ikkje vanskeleg å sjå. Enkelte tok det så seriøst at vedkomande måtte ta seg ein tur ut på gangen etter at sigeren var klar, for å tørka tårer.

Målet vårt med ein slik quiz er at ungdomane i Ryfylke skal lære om plassen dei bur på og plassane elles i Ryfylke. Me vil at dei skal kjenna ein tilhørigheit til distriktet, og at dei er klar over kva moglegheiter som finst her – både kva gjeld næring, fritidsaktivitetar og stad å bu.

Skulefinalane er gjennomført, og det er nå klart kven som skal representera klassen og skulen i Storfinalen på Fjelltun skule i Strand kommune onsdag 22.mai. Hugs at du kan følgja finalesendinga direkte på desse sidene frå kl.12.00.

Ryfylkequiz blir gjort i samarbeid med Hjelmeland Sparebank, Sauda kommune, Suldal kommune, Hjelmeland kommune, Strand kommune, Stavanger kommune, Sandnes kommune.

The post Her er finalelaga appeared first on Ryfylkealliansen.

Related posts

Leave the first comment