Løp og grav, tut og kjør

“Det me gjer her, det betyr jo veldig mykje for liva deira” 

Det er slik Leah Celine Stokkeland opplever verdien av Tanzania-dagen på Strand vgs. For det var nettopp dette som var i fokus då denne vidaregåande skulen nok ein gong arrangerte ein dag der pengane går til eit hjelpeprosjekt i Tanzania. Ryfylkepuls blei med på aksjonsdagen, som blei einfolkefest med skikkeleg livsglede for ungdom og vaksne.

Pengane som kjem inn går til betring av skulebygg, kjøp av nødvendig skulemateriell, gje fadderstøtte til dei aller fattigaste barna og gje elevane eit gratis måltid mat kvar skuledag. For nokre av barna vil det kanskje også vera det einaste skikkelege måltidet dei får den dagen. Utdanning er vegen ut av fattigdom, så at elevar ved Strand vgs bidrar til betre utdanningsvilkår for barn i Tanzania var sterkt å vera med på. Denne episoden av Ryfylkepuls gjev eit lite innblikk i stemninga, positiviteten, engasjementet og kreativiteten som var på Tau 19.april. Det var både aktivisering, presisering, spruting, heiing og kasting. Ryfylkepulsreporter Tor Øyvind gjekk hardt ut i forkant og sa han skulle slå lærar Hans Marius, men korleis gjekk eigentleg denne duellen?

Me er skikkeleg imponerte over det arbeidet elevane og lærarane har gjort og heiar på dei vidare. Det blei samla inn heile 464 489 kroner til barn og elevar i Tanzania!

The post Løp og grav, tut og kjør appeared first on Ryfylkealliansen.

Related posts