Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis er det å stå i stormen, og ikkje bare gje seg? Me lèt likevel politikken få flyta litt når me blir kjent med bonden, veterinæren og forsandentusiasten Rolf Magne Haukalid. 

Me er tidleg oppe i denne utgåva av podcasten «På Ekta». Og me startar i fjøset, eller fjoset som me seier i Ryfylke. Rolf Magne Haukalid driv ein nokså stor gard med kjøt- og mjølkeproduksjon på Fossanmoen på Forsand. Sjølv er han nok mest kjent for han som har tala Sandnes kommune midt imot. Ja, me snakkar om frontfiguren for at Forsand ikkje bør vera ein del av storkommunen i vest. Sjølv fire år etter at samanslåinga blei ein realitet, har han endå ikkje gitt seg. Er ikkje det snart på tide då? 

Bli kjent med den uthaldande gardsbrukaren frå Forsand, som bare må engasjera seg i lag- og foreiningslivet i bygda og i landbruksorganisasjonar. I «På ekta» blir det store stutar, tidleg familiefrukost, klartenkte ungar og galopperande naboskap. Men, også ei ærleg historie om eit familie- og arbeidsliv, som måtte justerast då kona Mona blei alvorleg sjuk.   

Og apropos familieliv: Ingen i Rolf Magne sin bransje giftar seg tidleg på våren. Lemminga først, så bryllaupsfest. 

Gled deg til ein halvtime med podcasten «På Ekta» på øyra når me drar til Forsand. 

The post Kalvekos og vepsebol appeared first on Ryfylkealliansen.

Related posts