Prisdryss til hardtsatsande ryfylkingar

nov 15, 2018 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Bjørn Moe er årets Pilt-Ola pris-vinnar og Elisabeth Grønvik er ryfylkepatriot av beste merke. Torsdag 15. november stod jubelen i taket, då to kjente og kjære ryfylkingar mottok heider og ære.

Storesalen i Folkets Hus var klargjort til festmåltid då Ryfylkealliansen hadde årssamlinga si «Arena Ryfylke» i Sauda torsdag 15. november. Musikalske, humoristiske og kulturelle høgdepunkt stod i kø, der to populære prisvinnarar fekk fram dei lengste klappsalvene.

Pilt-Ola pris til Bjørn Moe
– Du er raus, kunnskapsrik, inkluderande og eit veldig godt eksempel på ekte vertskap, sa juryleiar Eirik Moe då han delte ut Pilt-Ola prisen til Bjørn Moe. Bjørn har sidan 1982 drive Mo Laksegard i Suldal, som ligg idyllisk til ved Suldalslågen. Bjørn har skapt nasjonal og internasjonal merksemd mellom anna med konseptet laksesafari.

Juryleiar Eirik Moe påpeikte i si helsing, at Bjørn Moe er nærast for ein bauta å rekna. Lidenskapen for spesielt laksen og Suldalslågen er det få andre som har. – Me snakkar ikkje berre om laksen og lågen som ein økonomisk ressurs og noko som er ein viktig innsatsfaktor for «butikken», men om eit ekte engasjement og «passion» for den sårbare naturen, understreka juryleiaren.
Sjå for øvrig filmen om Bjørn Moe her. Her kan du lesa kva Stavanger Aftenblad skriv om vinnaren, og her kan du sjå ein snutt frå NRK.

Pilt-Ola, eller Ole Olsen Sangesand (1779-1858) frå Lysefjorden var gründer, entreprenør og eventyrar som var ein dristig næringsdrivande med solide opp- og nedturar. Prisen blei delt ut for andre gong. I fjor var det skyssbåteigar Jon Arne Helgøy frå Hjelmeland som fekk prisen. Nb: Juryleiar Eirik Moe er ikkje i familie med prisvinnar Bjørn Moe.

Ryfylkeprofilering frå Grønvik
Den andre prisen er ei form for profileringspris. Eplemostprodusent Elisabeth Grønvik blei tildelt «Merkevareprisen Ryfylke».
– Elisabeth er ein stabukk, i ordets beste meining. Med ei blanding av erfaring, kunnskap, optimisme og ryfylkebegeistring, har ho nådd ut til mange menneske, sa styreleiar Marit Larsen i Ryfylkealliansen då ho forklarte kvifor Elisabeth får prisen. «Merkevareprisen Ryfylke» blir delt ut til ei verksemd i Ryfylkealliansen, som er dyktige til å markera Ryfylke, ikkje minst ved å bruka ryfylkelogoen aktivt.

Elisabeth Grønvik driv Grønvik Gard ved Fisterfjorden, i eit av dei mest grisgrendte stroka i Hjelmeland. Her produserer ho den beste eplemosten, av ulike typar. Grønvik Gard har eige utsal, men sel mest til restaurantar, kafear og kantiner i Ryfylke og Nord-Jæren, samt gjennom ein stor matvarekjede sine butikkar i heile Rogaland og Agder.

Grønvik Gard har vunne fleire prisar tidlegare. Dei gjevaste er truleg to strake sigrar i Det Norske Måltid, for ulike typar epledrikk.

Foto: Portal Norge v/Benjamin Nordhagen

Arkiv

Relaterte innlegg

Løp og grav, tut og kjør

Løp og grav, tut og kjør

“Det me gjer her, det betyr jo veldig mykje for liva deira”  Det er slik Leah Celine Stokkeland opplever verdien av Tanzania-dagen på Strand vgs. For det var nettopp dette som var i fokus då...

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Pin It on Pinterest

Share This