Brann gav levebrød

mai 4, 2020 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Energihotellet på Nesflaten permitterte. Koronautbrotet ramma hardt, til liks med resten av reiselivet. Men, ein brann i ein kraftstasjon sende alle tilbake på jobb.

I nordre, ytste, avsidesliggjande del av Ryfylke, ligg Nesflaten. Denne vesle bygda, med vel 200 menneske, plassert for seg sjølv i enden av Suldalsvatnet, etter tre rasfarlege mil når du kjem frå Suldalsosen langs riksveg 13. Her finn du Energihotellet, hotellet som Hydro etablerte i høve vasskraftutbygginga på 60-talet. Med særprega arkitektur, og med ei imponerande gjesteliste dei siste ti åra. Så kom koronautbrotet, langt, langt frå Nesflaten. Men, innverknaden var like stor i denne enden av reiselivet.
– Me er åtte tilsette pluss ein lærling. Alle minus dagleg leiar blei permitterte, fortel Gunhild Moe. Og når ho seier «dagleg leiar», er det mannen Olav Lindseth ho snakkar om.
Energihotellet er livsverket til Olav og Gunhild, og i praksis er dei daglege leiarar og alt-mogleg-personar på hotellet begge to.
– Det var sjølvsagt tøft og hardt og gå til det skrittet å permittera. Men, alle bestillingane dei neste månadene forsvann. Då hadde me ikkje noko val, erkjenner Gunhild, som i lag med Olav har busett seg og satsa hardt på reiselivet i ryfylkekommunen Suldal.

Brann gav liv
Men, berre dagar etter at regjeringa stengte ned landet, skjedde det som i utgangspunktet ikkje hadde noko med korona
permitteringar å gjera. Saurdal kraftverk, like ovanfor Suldalsosen, blei fylt av røyk etter ein brann. Sundag 15. mars tok det til å brenna i ein av Norges største kraftstasjonar, som er ein del av Ulla-Førrevassdraget. Brannen blei aldri av det dramatiske slaget, men røykskadane er store. Veka etter brannen kom selskapet som skulle vaska og rydda opp etter skadane.
– Nå bur dei tilsette i dette selskapet hjå oss. Me som var permitterte kunne då etter to veker starta gradvis på jobb. Nå er alle tilbake igjen i arbeid,  seier Gunhild Moe, og veit at den eines «død» er blitt … ja du forstår.
– Me har snudd oss om i ein fei, og blitt eit anleggshotell nett nå. Arbeidet i Saurdal er omfattande, så me har avtale om at arbeidarane er her til uti juni ein gong. Nå driv me overnatting og catering, forklarar Gunhild.

Heldige, trass ein del styr
– Det er eit styr å halda seg til nye regelverk, ler Gunhild Moe hjarteleg når me spør korleis den nye kvardagen er blitt.
Koronatiltaka har medført at ingen serveringsstader kan ha buffetservering. All mat skal leverast eller serverast til kundane. Det som ikkje blir ete opp, kan ikkje takast tilbake. Så nå er det catering som gjeld.
– All mat er take-away. Ja, ferdig pakka både frukost, lunsj og middag, påpeikar Gunhild, og legg kjapt til:
– Me er utruleg heldige. Eg er så glad me i alle år har prioritert å seia ja til anleggsbransjen. Me har sjonglert mellom dagsturistar og langsiktige anleggsavtalar. Det har gjort oss omstillingsdyktige. Ja, me har alltid måtte omstilla oss, seier Gunhild, som saman med Olav i tillegg byggjer ut hotellet i desse dagar. Ved sida av er det heimeskule for ein i barneskulen og aktivisering av ein som til vanleg går i barnehage.
– Det var godt med påske og fri frå heimeskulen. Påska var utruleg fin med kjekke turar i eigen kommune, jobbing og familietid. Er me heldige nå, blir det ein mjuk overgang frå anleggsfolka og over til norske turistar i slutten av juni. Det er ikkje sikkert 2020 blir så ille likevel, håpar ein alltid optimistisk Gunhild Moe frå Energihotellet på Nesflaten.

Arkiv

Relaterte innlegg

Løp og grav, tut og kjør

Løp og grav, tut og kjør

“Det me gjer her, det betyr jo veldig mykje for liva deira”  Det er slik Leah Celine Stokkeland opplever verdien av Tanzania-dagen på Strand vgs. For det var nettopp dette som var i fokus då...

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Pin It on Pinterest

Share This