Digitalt og genialt til ungdom

jan 26, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Stian Jelsa og Anna Larsen Vaage leverte til 20 i stil og innhald, då yrkesmessa i indre Ryfylke blei heildigital.

– Vegen blir til medan han går, slo Stian og Anna fast, då dei skulle vera vegvisarar for ungdomar som skal finna ut kva dei skal velja av utdannings- og yrkesløp. Personleg tvist og gode intervju prega den aller første, ufrivillige digitale yrkesmessa for Sauda og Suldal.

Ufrivillig, ja vel. Men, svært bra, utan tvil. Og nødvendig.
– Torsdag 21. januar, på sjølve dagen for yrkesmessa, hadde sendinga vår 23 000 visningar og www.utdanningiryfylke.no fekk 1 000 nye brukarar, fortel prosjektleiar Marit Larsen i Suldal Vekst.
– Me fekk til ein skikkeleg digital versjon av ei utdanningsmesse, takka vera eit fantastisk samarbeid med mange dyktige partar, skyt dagleg leiar Inge Løyning i Sauda Vekst fast.

Elevane både i Suldal, og som her ved Sauda ungdomsskule, fekk yrkes- og utdanningsmessa servert rett på skjerm i klasserommet. Foto: Gro Melstveit

Aldri eit år utan
Yrkes- og utdanningsmessa i Indre Ryfylke har i årevis vore av det omfattande, grundige og levande slaget. Anna kvart år i Suldal, anna kvart år i Sauda. Utstillarar og ungdom i same lokale. Kva skal eg velja? Kva bør du velja? Kva arbeidsplassar ventar på meg her i Ryfylke? Suldal Vekst og Sauda Vekst har hatt hovudansvaret.
– Så fekk me Covid19-situasjonen. Kva skulle me gjera med utdanningsmessa? Me måtte tenkja heilt nytt og sjå om næringsliv, kommunar og skular ville satsa på ei annleis og langsiktig rekruttering i 2021, seier Marit Larsen.

Det var JA over heile linja. Kommunane og vekstselskapa sette av ekstra midlar til rekrutteringsarbeidet.
– Og næringsaktørane i Suldal og Sauda stod klare med ein gong, utan at dei strengt tatt visste korleis innhaldet skulle bli. Ein fantastisk respons, skryt Marit Larsen.
– Når i tillegg dei store nasjonale utdanningsinstitusjonane på høgare utdanning, også ville vera synlege, så gjekk det verkeleg vegen, supplerer Inge Løyning.
Det blei yrkesmesse i år også. Og det er framleis … på nettet.

– Eit fantastisk samarbeid mellom næringsliv, kommunar og utdanningsinstitusjonar, fastslår prosjektleiar Marit Larsen i Suldal Vekst.

Bransjehus og filmar
Saman med prosjektleiar Suldal Vekst, fekk Omega Design bygd opp nettportalen som nærast ser ut som ein landsby. Her er det ulike bransjehus du kan gå inn i for å læra meir om utdannings- og yrkesval.
– I tillegg til nettportalen, var me tydelege på at me måtte gjera noko torsdag 21. januar også. Det var trass alt sjølve dagen for utdanningsmessa, understrekar Marit Larsen.
Resultatet var ei herleg «live»-sending der ungdomane Stian Jelsa og Anna Larsen Vaage er vertsskap, og der dei snakkar med unge folk som enten er frå eller arbeider i Indre Ryfylke.
– Kombinert med kjekke filmar om regionen, bedrifter og utdanningsval, blei det tøft og innhaldsrikt, konkluderer Marit Larsen og legg til:
– Me ønskjer sjølvsagt den fysiske messa tilbake neste år. Men, det fine nå er at me har ein digital plattform, som vil vera til god hjelp for ungdom framover.

Nysgjerrig på sendinga, utstillarar, filmar og bransjehus? Gå inn på www.utdanningiryfylke.no

– Bransje-landsbyen ligg klar for deg på www.utdanningiryfylke.no. Velkomen på besøk!

Arkiv

Relaterte innlegg

Løp og grav, tut og kjør

Løp og grav, tut og kjør

“Det me gjer her, det betyr jo veldig mykje for liva deira”  Det er slik Leah Celine Stokkeland opplever verdien av Tanzania-dagen på Strand vgs. For det var nettopp dette som var i fokus då...

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Pin It on Pinterest

Share This