Optimist etter heftig år

jan 22, 2021 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Sverige-køyring og fotballreiser har vore kjærkomne for Suldalsbussen, i eit tøft 2020. Men, mentale utfordringar har vore vel så heftige som økonomiske bekymringar.

– Når du enkelte månader har 80 prosent svikt i omsetnaden, blir det blodraude tal totalt sett.
Per Arne Fisketjøn kan nesten ikkje bli meir tydeleg. Sitatet er til å ta og føla på. Som så mange andre innan transportbransjen og reiselivet, fekk Suldalsbussen eit slag i frontruta då landet stengde ned 12. mars 2020.
– Mentalt var det tøft i starten. Når du misser oppdrag og oppgåver, kjem du inn i ein modus som kanskje kan samanliknast med å vera sjukemeldt over lengre tid. Du skal få dagane til å gå, vedkjenner Per Arne Fisketjøn, som er dagleg leiar i Suldalsbussen.

Suldalsbussen har fem bussar og ein 8-setars minibuss. Turbussoperatøren reiser med grupper på korte og lengre turar. Konsertar og idrettsarrangement er ekstra populære.
– På lynrask tid var to bussar fullteikna til EM i handball i Oslo i desember. Denne turen blei sjølvsagt avlyst, men heldigvis fekk me kompensert dei fleste av utgiftene me hadde, forklarer Fisketjøn.

Sverige og fotball
Etter første smellen i vår, klarte Per Arne Fisketjøn å snu seg rundt i ein litt original retning. Polske arbeidarar som skulle til ulike verft på Haugalandet fekk ikkje reist til Haugesund, ettersom flytrafikken stoppa opp.
– Me køyrde bussar til Sør-Sverige. Der henta me arbeidarane som kom med ferja frå Gdansk. Desse køyrde me vidare til Haugalandet. Sverige-køyring blei ei nisje for oss, fortel Fisketjøn, og legg til:
– Me har ein del fotballkøyring for FK Haugesund og Djerv 1919. Dette er gildt, seier suldølen som har drive Suldalsbussen sidan sommaren 2018. Før den tid var han leiar for segnomsuste Suldal Billag, som måtte gje seg etter ein tilbodskonkurranse.
– Men, dei tradisjonelle turane har jo vore heilt fråverande i år. Me er likevel realistar. Det er ikkje akkurat slik at det er nå folk skal reisa på tur.

Is i fjorden og lys i tunnelen
– Eg likar frost og kaldt ver, skyt Mister Suldalsbussen inn.
– Å?
– Ja, då køyrer min kollega og saudabu Terje Søndenå buss for båt mellom Sauda og Ropeid. Hurtigbåten kan ikkje gå inn Saudafjorden når det frys. Slikt sett har 2021 starta bra, smiler Per Arne Fisketjøn.
Han har ti månader bak seg med opp- og nedturar, permitteringar, håp og stans.
– Det var tøft i starten. Men, så var det ein viss optimisme tidleg haust. Men, då regjeringa stramma ytterlegare inn 5. november, blei det endå tøffare og hardare kår. Då såg me verkeleg konsekvensen av situasjonen, fortel Per Arne Fisketjøn, men legg til:
– Me utvidar nå med ei salsstilling. Me vil tilby gruppeturar til inn- og utland, både med og utan buss. I tillegg vil me leggja til rette for turar for folk som kjem til regionen, og som vil oppleva Ryfylke og Haugalandet.
– Vågal satsing?
– Kanskje det. Men, me vel trass alt å sjå lyst på framtida. Når samfunnet opnar igjen, er nok mange hungrige etter å få reisa. Det er eg viss på, understrekar Per Arne Fisketjøn i Suldalsbussen.

Arkiv

Relaterte innlegg

Jobb med meining … i Ryfylke

Jobb med meining … i Ryfylke

- Det er viktig for meg at jobben eg startar i, betyr noko for andre. Eg vil gjerne gjera ei endring og til dømes jobba med fornybar energi, slår Eline Kommedal Hoem fast. Ho går tredje året på studiespesialisering ved Strand vidaregåande skule. Framtid og jobb er...

Livet som blei verd å leva

Livet som blei verd å leva

For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya...

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Bli med på Arena Ryfylke: Verdien av vekst

Ja, «Verdien av vekst» er overskrifta når me inviterer til den årlege viktige, artige og engasjerande storsamlinga Arena Ryfylke tysdag 14. november. Og i år skal me til Strand kommune, med både Tau, Fiskå og Jørpeland som boltreplassar. Ryfylke kan skilta med store...

Pin It on Pinterest

Share This