Ryfastløpet: Dei sprang til Ryfylke!

okt 6, 2019 | Framside, Nyhende, Ryfylkealliansen

Laurdag 15. oktober la 7000 menneske ut på verdas første undersjøiske halvmaraton, Ryfastløpet. Frå tunnelopninga på Våland i Stavanger, sprang løparane gjennom både Hundvågtunellen og Ryfylketunellen, før dei blei heia over målstreken av folkemengda på Solbakk i Strand. Men ikkje berre var det beinharde 21 kilometer som stod på programmet, Ryfast vart også innvia med rulleskiløp og barneløp. Tiril Eckhoff var ei av dei som kryssa mållinja etter å ha gått 4,5 km, med konstant stigning, på rulleski.

Alle løparar mottok medalje og diplom, men enkelte løparar fekk noko heilt spesiellt i tillegg. For Ryfylkealliansen har nemleg ein eigen ambassadør, Ryfylkesauen Egil. For å skape meir blest om både Egil og Ryfylke, blei det produsert ein eigen unik Egil-caps, som vart utdelt til Egil sine namnebrør.

Arkiv

Relaterte innlegg

Kalvekos og vepsebol

Kalvekos og vepsebol

Han er tidleg oppe for å vekka både dyra og familien, og er ikkje den som kryp tidleg til sengs. For heile dagen må nyttast. Dagar og år er også blitt brukte til heftige diskusjonar. Ikkje fordi han plent vil, men fordi han kjenner på eit samfunnsansvar. Men, korleis...

Ung jobbrekruttering

Ung jobbrekruttering

Ungdom kan finna sine bedrifter og bedrifter kan finna sine ungdomar. Klar, ferdig, sommarjobb.no Ja, det er nettopp det sommarjobben.no går ut på - at bedrifter og ungdom kan finna kvarandre. For nokon må dekkja opp for tilsette som skal ha sommarferie, og mange...

Her er finalelaga

Her er finalelaga

Skulefinalane i Ryfylkequizen er utført, med spenning, engasjement og tårer. Me står att med 27 motiverte ungdomar, som skal til den store direktesende finalen i mai. Åttandeklassingar i heile Ryfylke har gjort ein iherdig innsats og tileigna seg mykje kunnskap om...

Pin It on Pinterest

Share This